Nicolai Schejtli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
N. Schejtli. Miniatyr. Ukjent opphavsperson.
Nicolai Schejtli (fødd i Kristiania 24. juni 1753, død i Drammen 4. april 1824) var bergverksfunksjonær, eidsvollsmann og stortingsmann. På stortinget 1818 var han ein del av opposisjonen leia av Peter Flor. Både Schejtli og Flor tilhøyrde eit radikalt, sterkt unionsskeptisk politisk miljø i Drammen.

Skrivemåten av familenamnet varierer noko i kjeldene. Norsk biografisk leksikon (Koht) og Lindstøls stortingsbiografiar brukar Schejtli, andre stader, som på gravsteinen (reist 1900), er det skrive Scheitlie. Gjennomgådde kjelder viser ikkje korleis familien skreiv namnet i hans levetid.

Schejtli var son av overrettsprokurator, seinare sorenskrivarØvre Romerike Leonhard Schejtli og Maren Wad. Nicolai Schejtli gifta seg i Drammen 12. april 1790 med Anna Catharina Gram (døypt i Kristiania 28. desmber 1773, død på Fossum i Gjerpen 15. januar 1844. Ho var dotter til justisråd Bartholomæus Gram i Drammen og Maren Grøn Lund.

Yrkeskarrieren starta som fullmektig hjå berghauptmann Hjort på Kongsberg. Frå 1780 var Schejtli kongeleg magasinforvaltar ved bergverkets opplagsmagasin i Drammen, der han altså vart buande resten av livet. Frå 1802 var han kommisjonær for Kongsberg verk og for Blåfargeverket på Modum.

Nicolai Schejtli er gravlagd på Strømsø kirkegård i Drammen.

På Eidsvoll var det ikkje tvil om at Schejtli tilhøyrde Sjølvstendepartiet, og han vart jamvel omtala som «enrageret Antisvensk».[1] På stortinget i 1818 var han også ein sterk motstandar av unionen, eller iallfall av tendensane til amalgamasjon. Han støtta seg i dette til sin ven frå Drammen, oberst Nicolai Tidemand, som var motstandar av amalgamasjon, om ikkje av unionen som såvoren. Dette gjer Tidemand ganske utførleg greie for i sine etterlatte og seinare utgjevne notatar.[2]

Referansar

  1. Koht, H. 1954.
  2. Tidemand, N. 1881, digital utgave, side 224-227

Kjelder og litteratur

Nicolai Schejtli (Scheitlie) er gravlagd på Strømsø kirkegård i Drammen. Gravstøtta var kosta av Drammen kommune, avduka 17. mai 1900.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)

Eksterne lenkjer