Randvik i Søndeled

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Randvik er ein bygd og nokon gardar som liggar i gamle Søndeled herad (no Risør kommune). Randvik har gardsnummer 15.

Fakta om Randvik

Professor Oluf Rygh antar at au i gamalnorsk tid har skrivemåten vore Randvik og at namnet er avleia av rond, som betyr rand eller kant. Garden liggar heilt ytst på nordsida av Sandnesfjorden og har Grundesund som nærmaste nabogard. I dag er gardane på Randvik blitt barnehagar (Lekeslottet barnehage og Amandus barnehage).

Randvik i gamal tid

Øster-Risøer hamn (no Risør by) blei bygd på garden Randviks grunn. Det første som me veit budde på Randvik er Peder Aagesenn i 1601.I fylgje Risørboka til Tallak Lindstøl, blei toller Christian Sterck blitt eigar av Randvik. Det var mens landsherre Christoffer Goye (1619-1630). Han kjøpte husmannsplassen Buvika med grunner og ringar i Øster-Risøer hamn av Mads og Anders Randvik. Det var berre halvparten, sida Øster-Risøer hamn høyrte til Jacob Madsen.

Randvik frå 1960-talet til 1990-talet

Søndeled herad blei slengt saman med Risør bykommune 1. januar 1964, blei au Randvik ein del av Risør. På 1960-talet begynte Risør kommune å bygge bustader og blokker opp over Randvik. Frå 1970-talet til 2000-talet blei det sett opp mange bustader på Randvikheia og i Randvikskauen. Det vokste opp ein bygd, som i dag blir regna til tettstaden Risør.