Runebomme

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Runebomme i muséet Arktikum i Rovaniemi i Finland.
Den svenske botanikaren Carl von Linné i samedrakt og med runebomme etter reisa si til Lappland. Illustrasjonen er basert på eit måleri frå 1737.
Samisk sjaman frå 1700-talet med si «magiske» runebomme. Illustrasjon frå Knud Leem si bok Beskrivelse over Finnmarkens Lapper, deres Tungemaal, Levemaade og forrige Afgudsdyrkelse utgjeven i København i 1767. Bildet er utført som koparstikk i Firenze etter «levande teikningar» av Leem sjølv.

Ei runebomme eller trolltromme er eit samisk musikkinstrument bruka i samband med sjamanisme og til akkompagnement av joik. Runebomma blir halden med eine handa og består av eit dekorert reinskinn spent på ei ramme. Noaiden, den samiske sjamanen, slår på runebomma med ein karakteristisk T-forma hammar av reinhorn, og ein «visar» forma som ein ring, ein trekant eller ein frosk ligg på skinnet og legg seg til på eitt av symbola etter kvart.

Frå Noreg finst det berre tre kjente, komplette originaleksemplar att, ettersom dei fleste vart øydelagde da samisk kultur vart undertrykt i tidlegare tider. Desse tre er:

  1. Ei skåltromme etter Anders Paulsen — konfiskert frå den 100-år gamle samen Anders Paulsen på tinget i Vadsø i 1691, sidan 1979 oppbevart i dei samiske samlingane i Karasjok. (Ein kopi er utstilt på Kulturhistorisk museum i Oslo
  2. Ei sørsamisk rammetromme, først nemnt i 1723, som finst ved Meininger Museen i Meiningen i Thüringen i Tyskland.[1]
  3. Ein sørsamisk rammetromme, først nemnt i 1779, som finst ved Vitenskapsmuséet i Trondheim.


Dessutan veit vi om desse trommefragmenta frå Noreg:

  1. Ei trommeskål (utan skinn) frå lulesamisk område som finst ved Kulturhistorisk museum i Oslo.
  2. Ei vinkelramme utan skinn frå Bjørsvik i Steigen kommune i Salten som finst ved Nordlandsmuseet.[2][3]
  3. Ei ramme utan skinn og med tilbehør frå Nærøy kommune i Namdalen, først nemnt i 1979, no på Vitenskapsmuseet i Trondheim.
  4. Henrikdaltromma, ei ramme med skinnfragment frå Henriksdalen på Helgeland, først nemnt i 1969, no på Velfjord bygdemuseum på Hommelstø.[4]
  5. Eit rammefragment med skinn frå Bindalen, kalt Bindalstromma, no på Norsk Folkemuseum, tidlegare på Kulturhistorisk museum i Oslo.[5]
  6. Ei ramme utan skinn og med tilbehør frå Visten i Vevelstad kommuneHelgeland, først nemnt i 1997, no på Vitenskapsmuseet i Trondheim.
  7. Tilbehør frå Jomafjellet på grensa mellom Røyrvik kommune og Lierne kommune inst i Namdalen, no på Kulturhistorisk museum i Oslo.
  8. Tilbehør frå ukjent stad, no på Kulturhistorisk museum i Oslo.
  9. Ei gievrie-ramme vart funnen på fjellet i Røyrvik kommune inst i Namdalen sommaren 2010 i samband med registrering av samiske kulturminne.[6]


Namnet

samiske språk finst det ulike namn på tromma: Gievrie er det sørsamiske ordet. På pitesamisk heiter tromma gåbdis, på lulesamisk goabdes og på nordsamisk heiter ho anten goavddis/goabdis eller meavresgárri. Det austsamiske namnet er kyömdes.

De skandinaviske namna inkluderer runebomme (nynorsk/bokmål), ceremonitrumma (svensk). Nokre gonger blir òg ordet trolltromme (norsk) eller trolltrumma (svensk) bruka, og i nyare tid blir ofte òg ordet sjamantromme bruka.

Tidlege skildringar

Historia Norwegiae (truleg kring 1220)

Tunc quidam magus extenso panno, sub quo se ad profanas ueneficas incantaciones prepararet, quoddam uasculum ad modum taratantarorum sursum erectis manibus extulit, cetinis atque ceruinis formulis cum loris et ondriolis nauicula eciam cum remis occupatum, quibus uehiculis per alta niuium et deuexa moncium uel profunda stagnorum ille diabolicus gandus uteretur.[7]

[Ordrett omsetjing: Dermed spreidde [ein] trollmann utover eit klede, under dette han seg til heidenske inkantasjonar bereidde; så [eit] lite kar med form som eit såld han løfta [med] handom i vêret; kvalar så vel som hjortedyr utstyrt med grei, og ski, ein liten båt, endatil, med årar — fylte opp [karet]; — som var kjørbørnar for [å fara] over snøen og nedetter lier eller djupe vatn [som] denne gand-djevelen ville bruke.]

Runebomma i samisk religion

Runebomma har tradisjonelt vorte bruka av noaidane (sjamanane) for å komma inn i ekstase eller oppnå kontakt med åndeverda. Det var først og fremst noaidane som bruka runebomma. Noaidane var den heilage klassen blant samane. Dei vart rekna for å ha spesielle evnar, mesta som ein trollmann.

Runebomma var alltid oval. Trommeskinnet var dekorert med ulike figurar og gudar. Sola var den viktigaste guden i samisk religion, så ho var alltid i midten eller heilt øvst. Når noaiden skulle spå om åndeviljen og om framtida, la han ein ring på trommeskinnet og slo med ein hammar eller ei trommestikke av reinhorn. Ringen rørte seg mellom dei ulike figurane eller gudane. Med det utgangspunktet vart åndeviljen forklart eller tolka.

Når noaidane bruka runebomma til å komma i transe slo dei rytmisk og intenst på runebomma til dei fall i transe og gikk i ein slags dvale. Noaidane kunne liggja i transe i eit døgn. I mellomtida vandra frisjela i åndeverda og fikk veta gudeviljen. Når noaiden vakna, kunne han fortelje kvar dei kunne jakte på dyr, kvar det var bjørn og ulv, og om kvar det fanst trugande farar. Om oppdraget var vellykka, vakna noaiden opp med gode nyheiter. Men om reisa i åndeverda var mislykka, risikerte noaiden å døy.

Konstruksjon og bruk

Runebomma var like viktig for noaiden som eit altar er for tempelprestar. Ho fanst i ulike versjonar, både i projeksjon og innhald, alt etter kvar ho var laga. I følgje Ernst Manker finst det fire hovudtypar, basert på måten runebomma er bygd på:

Vinkelramme frå Bjørsvik i Nordfold i Steigen kommune i Salten, no utstilt i Salten museum.
Foto: Olve Utne
  1. sveiptromma er trommeramma bøygd av ein sveip, og dei to sveipendane er sauma eller klinka saman. Her er òg furu det dominerande materialet. Med hjelp av same teknikken som på skåltromma er trommeskinnet her òg festa til øverkanten av ramma.
  2. Sveipeteknikken er bruka på vinkelrammetromma òg. Der er sjølve sveipen er laga slik at han danar ein vinkel.
  3. ringtromma er ramma av ein sjølvvaksen eller heil, tilskoren fururing. Trommeskinnet er festa med trenaglar på øverkanten av ramma, og skinnkanten er forsterka med ein kantsaum.
  4. Skåltrommer, der trommeskåla, eller ramma, er uthola av ei rirkule — derav namnet skåltromme. Fururirkule har vore bruka som materiale i dei fleste falla, men det finst òg enkelte som er laga av granrirkuler. Trommeskinnet er festa til ei utstikkande kantlist med ein spesiell type saum som består av festetråd og ein kanttråd av sen. Ser vi dette i ein større sjamanistisk samanheng, vil vi oppdaga at den samiske skåltromma er unik i sitt slag.

På runebommer av sørleg type er det tradisjonelle solteiknet i midten. I tillegg finst det figurar/symbol for tore og vind samt ein reinfigur og nokre andre offerdyr. Kring sentralfiguren er det ulike dyrefigurar, eit reingjerde, rein med slede, båtar, ei tromme, kors og de kristnes bustad med hus, hest, ku og geit. På toppen den rådande far. Øvst til høgre er figurane frå dødsriket plassert, og nedst på same sida dei tre aahkah. Elles kring kanten ser vi ein jeger med pil og boge, rovdyr, reinsdyr, hund og menneske.

Noaiden laga runebomma si sjølv. Det var ei hemmelegheit korleis noaiden laga dei, men studerer vi dei bevarte trommene, så ser vi framgangsmåten i grove trekk. Trommeskinnet vart laga av ugarva skinn av ein kalv etter ei årsgammal reinsimle. Til å laga figurane på runebomma bruka dei bark av older. Detta var jaktguden eller blodmannen sitt tre. «Blodet» av dette treet gjev farge som aldri forsvinn. Noaiden tygde olderbark-bitar så han vart raud kring munnen. Mønsteret vart innteikna på runebomma med ein pinne.

Når runebomma skulle innviast var heile familien samla. Alle satt på sin plass kring elden, og inge fikk røre den nye runebomma. Kvar kvinne gav eit smykke, ei spenne eller ein knapp som vart hengt i ei lêrreim på kanten av runebomma. Her vart det hengt nye ting som tenner og klør òg. Sterkast var drifta frå det pilforma penisbeinet til bjørnen. Hammaren var ein liten T-forma dobbelthammar av reinhorn. Under innviingsseremonien var det yngste guten i familien som fikk æra å slå det første slaget. Det låg som regel ein liten trekant eller ein ring på trommå når noaiden slo. Denne ringen rørte seg og endra retning når tromma vart slegen på, og han vart liggjande over den figuren høgare makter avgjorde at han skulle liggja på.

Kopi av meavresgárrien (gievrien, runebomma) etter Anders Paulsen utstilt i Kulturhistorisk museum, Oslo. Tromma vart konfiskert frå den 100-år gamle samen Anders Paulsen på tinget i Vadsø i 1691. I 1694 vart ho overført til Det Kongelige Kunstkammer i København. Sidan 1979 har originalen vore oppbevart i dei samiske samlingane i Karasjok.
Mari Boine med moderne bomme i Warszawa 2007.
Foto: Henryk Kotowski

Kristne misjonærar sette i gang ei stor innsamling på 1600- og 1700-talet. Dei fleste runebommene vart brent framføre kyrkjedøra. Den som våga å gjømme runebomma eller laga seg ei ny ei, risikerte bøter, fengselsstraff og til og med dødsdom.

Nokre av runebommene vart tekne vare på som samleobjekt av misjonærar og embetsmenn. Det heiter at misjonæren Thomas von Westen hadde den største samlinga av konfiskerte runebommer. Denne samlinga vart dessverre øydelagt i den store brannen i København i 1723. Nokre få attverande runebommer finst på museum og i privatsamlingar, ikkje berre i Skandinavia, men elles i Europa òg.

Nyare tid

Turistindustri

Nysjamanisme

Fotnotar

  1. Frøyningsfjelltromma hos Wikipedia på bokmål
  2. Runebomma fra Bjørsvik hos Wikipedia på bokmål
  3. Ola Sæther. «Runebomma fra Bjørsvik, Nordfold i Steigen». I: Nordland fylkesmuseums årbok 1982–83
  4. Runebomma fra Velfjord hos Wikipedia på bokmål
  5. Bindalstromma hos Wikipedia på bokmål
  6. Holmgren, Hanne: «Runebommeramme funnet i Røyrvik»Sametinget.no, sist endra 22.10.2010.
  7. Sitert via «Sami drums in Historia Norwegiae» frå Historia Norwegiae

Kjeldor

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Runebomme» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i GNU Free Documentation License. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.