Veum kyrkje (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Veum kyrkje i 2009 (Foto: Vidar Metveit)

Veum kyrkje ligg i Fyresdal kommune i Telemark. Det er kjent at det har vore to kyrkjer oppe på søgard Veum før det vart bygd ny kyrkje nede på Øyane i 1863. Året den fyrste vart bygd er ukjend, men den vart rive då det vart bygd ny i 1727.

Kyrkjene på Veum gamle kyrkjestad

J. L. Qvisling skriv:

«Den gamle Heglands kirke var efter besiktigelsen av 1668 en stavkirke, likeledes Veum daverende kirke.»

(s. 100). I 1668 vert ho omtala som ei stavkyrkje som var i dårleg stand og som trong årleg reparasjon. På Universitetets Oldsaksamling er vangar frå stavkyrkjeportal frå denne kyrkja med museumsnr. C34861 a-b
Veum kirke - tegning av Axel Christian Smith Arbo, 1847
Teikninga syner den siste kyrkja på staden, bygd i 1727 og rive truleg 1863. Ho var bygd som ei langkyrkje. Teikninga er frå ei av fleire skissebøkar som er på museet i Arendal. Skissene er teikna i tidsromet 1847 – 1858 av dr. Axel Chr. Smith Arbo som var lækjar i Åmli, fødd i Åmli i 1825 og mellom anna sers interessera i botanikk. Denne skissa er frå 1847.
Veum gamle kyrkjestad (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)

Gunnar Gunnarson Flaske Veum levde frå 1709 til 1798. Etter tradisjonen laga han biletskur, treskur og rosemåling til kyrkja. Han var gardson på søgard Veum og rydda seg husmannsplass på Floske. Det var far til Gunnar som var byggmeister for kyrkja. Kor mykje han laga av det fyrste inventaret er likevel usikkert.

Det einaste H.J. Wille skriv om Veum kyrkje er:

«Ved Veum Kirke findes tvende Stene med Runeskrift.» Den eine er den store runesteinen som stod på søgard Veum.

- Om Skafså kyrkje skriv han: « – er en liden net Trækirke, ganske smuk inden i, malet efter Bonde-Facon.» Kanskje han ville sagt dette om Veum kyrkje og?? Johann Michael Lund skriv:

«Gaarden Veum, hvor Annex-Kirken for Veums Sogn befindes. Denne Annex Kirke er af Træe, ligesom de fleste andre i Øvre-Tellemarken, og har et Spiir; men er ikke meget gammel, dog er den uanseelig. I Syd fra Kirken er en stor Kæmpe Høi.»

(Spir: Tilspissa avslutning av taket på eit tårn. («Aschehaoug.») Kan nok vere nytta om ein slag takryttar som her.) I samband med at den nye Moland kyrkje vart innvigd var det bispevisitas i 1843. Det vart då avgjort at annekssoknet Heggland skulle delast mellom hovudsoknet Moland og annekssoknet Veum.

«--- hvis gamle kirke i saa fald ogsaa maatte nedrives, baade fordi den antoges da at vilde bli for liten, og derhos fordi den, om den skulde bli staaende, vilde trængt betydelige reparationer.»

Det vart gjort ei grundig vurdering av kyrkja og ut frå dette fastsett at ein skulle bygge ny kyrkje innan 1850. Det vart og avgjort å flytte kyrkjestaden ned til Øyane ved den nye riksvegen. Det var tronge tider i 1847-48 og det var sterke krefter for å halde på kyrkja der ho var og hadde vore. J.L. Qvisling skriv:

«---forhaledes herved den nye kirkes opførelse, saa at den nye, meget tækkelige kirke paa det langt bekvemmere sted, hvor den nu ligger, paa Øiansletten nedenunder Veum, like ved den nye hovedvei, først kunde indvies 10 aar efter, i 1863.»

(s. 216) Den gamle kyrkja vart altså rive. Inventar og meir faste delar vart spreidd utover. Det er ein del på gardane i soknet, døypefonten kom til N. Skrede og er no på Gaastjønn i Skafså, altertavla er på Telemark Museum i Skien, og enkelte ting er på Fyresdal Bygdemuseum dit dei i seinare tid er kome som gåver. Der er mellom anna ein «lydhimmel» som truleg var over preikestolen. Den eine av klokkene i noverande Veum kyrkje er frå tidlegare kyrkje. Ho ber innskrifta:

«Anni 1641 er denne klock støbt til Veyre kirke.» (Veum)

Noverande kyrkje

Veum nye kyrkje (Foto:Olav Momrak-Haugan, 2010)
Den kyrkja som no står vart ferdig i 1863. Det er ei langkyrkje bygd etter ei typeteikning av arkitekt C. H. Grosch. Noverande altertavle er måla i 1914 av Eivind Nielsen (1864–1939).
Altertavle Veum (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)

Kunstnaren Kristian Kildal i Asker har laga fargedekorasjonane som er i kyrkja i dag. Resten av målararbeidet er gjort av lokale handtverkarar. Det nymåla indre vart innvigd i 1957, fargerikdom og fargeglede pregar romet.

Noko tidlegare var det store rosevindauget over inngangsdøra fjerna. Det var i sers dårleg forfatning. I seinare tid er ei praktfull og sermerkt prismelysekrone restaurera og hengt opp att i midtgangen.

Orgelet er det tidlegare orgelet i Moland kyrkje, restaurera og montera her i 1979. Det er eit Claus Jensens orgel frå 1872 m/10 st som kom til Moland kyrkje frå Gjerpen kyrkje i nedre Telemark i 1908. Det var eit pipeorgel og kravde sin belgtrøar, men vart montera elektrisk i 1946. I eit av vindladene står eit notat som er skrive og underteikna av Claus Jensen:

«-Dette orgel var bygget til Gjerpens kirke, og opsatt i mai maaned 1874.»


Kjelder og litteratur

  • Henriksveen, Herman (red.): Kirker i Telemark; fotograf Halvor Tveraaen. Utg. Flora forlag. 1986. 190 s. ISBN 82-90695-00-4.
  • Homme, Helga: «Atten-åring vart vidgjeten for arbeida i Veum gamle Kyrkje.» Avisartikkel av Helga Homme, ukjend dato og avis. Med teikning. Står og i «Sjå deg attyvi» Fyresdal Sogelag 1998 s. 41. Teikninga i avisartikkelen er utan tekst og runestein, den er og noko endra frå originalen. (Artikkelen er godt skrive, men inneheld mange historiske feil.)
  • Lund, Johann Michael (Prokurator): Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken Joh. Rud Thiele (?) Kiøbenhavn. 1785
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Bind III, s. 1464. 1992. ISBN 82-992628-0-1.
  • Qvisling, J. L., prost: Fyresdals Historie. 1912. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. 1910. S. 76 og s. 82.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal, andre utgåve 1949 s. 42.
  • Wille, H.J.: Utrykte optegnelser om Thelemarken af H. J. Wille. Udgivne i Uddrag af DR. LUDVIG DAAE. Kristiania 1881. (Reisa byrja 1786.)
  • «Den glade bodskaps kyrkje i Veum.» s. 83 i Sjå deg attyvi, Fyresdal sogelag 1990
  • «Om orglene i Veum og Moland kyrkjer.» s. 87 i Sjå deg attyvi, Fyresdal Sogelag 2006

Eksterne lenker