Karen Odland
Karen Toresdotter Odland (fødd i Hemsedal 1777 (døypt 23. mars), død i Bergen 10. mai 1860) var ein haugiansk lekpredikant. Ho var fødd i bondestand og gifta seg inn i den religiøst vakte delen av det bergenske kjøpmannsborgarskapet. H.G. Heggtveit karakteriserer henne slik: «Hun var en Personlighed og en kristelig Karakter, som man sielden træffer Magen til.»
Ho var fødd på garden Grøto i Hemsedal. Foreldra var brukarar der, Tore Larsen Grøte og hustru Anne Persdotter. Faren døydde da Karen var åtte år gammmal, og mora gifta seg seinare opp att. Karen gifta seg med Peder Odland, kjøpmann i Bergen. Dei hadde heimen Solheim ved Bergen, der ho døydde i 1860. To av sønesønene vart kjende teologar, dr. theol. Sigurd Vilhelm Odland og kyrkjehistorikar og sokneprest Th.G.B. Odland.
Karen vart introdusert for haugianismen vinteren 1799-1800. Predikantane Ole Bache og Gudbrand Væraas hadde kome til Hovtuno i Gol for å drive vekkingsverksemd der. Da familien på Grøto høyrde om dette, skikka stefaren til Karen bod til predikantane og fekk dei heim til seg. Våren 1801 kom så Hans Nielsen Hauge sjølv på besøk i Hemsedal. Det er kjent at Karen drog på forkynningsreise saman med ei anna kvinne i 1802-1803. Dei var mellom anna i Vikedal og Imsland i Rogaland.
Kjelder og litteratur
- Nettstedet Borgerskolen.
- Furseth, Inger: «Kvinnenes plass i haugebevegelsen», i Dørum, K. og Sødal, H.K. (red.): Hans Nielsen Hauge. Fra samfunnsfiende til ikon. Cappelen Damm Akademisk, Oslo 2017.
- Heggtveit, H.G.: Den norske Kirke i det nittende Aarhundrede. Bd. 1. Kristiania 1905-1911.
- Karen Odland i Historisk befolkningsregister.