Christopher Munthe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Christopher Munthe (fødd 1688 i Vik, død 14. april 1754 i Hafslo) var sokneprest og jordeigar. Han var son av prestedottera Karen Leganger og sokneprest Ludvig Munthe (1657-1708) i Vik i Sogn og Fjordane.

Etter teologisk embetseksamen vart Munthe 1713 personleg kapellan i Hafslo i Sogn og Fjordane. 24. mars 1721 vart han utnemnt til sokneprest etter å ha selt eigedomane sine til Årdal koparverk.

I naboprestekallet Jostedalen var det jamleg vakansar mellom 1731 og 1742, og Munthe er iallfall registrert som vikarprest der i 1738.

Munthe var ein særs rik mann og ein stor jordeigar, og han åtte gardar og gardpartar over heile indre og tildels ytre Sogn. Mest åtte han i Hafslo og Luster prestegjeld, og han hadde arva alle gardar i Jostedalen så nær som to etter mor si. I tida si som jordeigar i Jostedalen selde han ingen av gardane (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800). I 1724 kjøpte han alle fem kyrkjene med tilhøyrande kyrkjegods i Hafslo prestegjeld på auksjon.

Christopher Munthe og kona Christine Ørbech (ca 1690-1741) fekk 10 born, mellom anna:

  • Margrethe Munthe (1716-1773) gift med Hans Schreuder Eriksen Leganger (1700 Innvik, Stryn-1780 Bårlidalen, Eidsvoll) (se Leganger (slekt)), prost, 1745 sogneprest på Eidsvoll, enkemann etter Karen Lind Ludvigsdotter Schultz (1703-37) (mor: Anne Pedersdotter Leganger).
  • Ludvig Munthe (1717-1785), proprietær, Årøy i Sogndal
  • Jens Munthe (1719-1813), kapellan i Luster
  • Gerhard Munthe (1726-1785), kaptein, Ytre Kroken i Hafslo
  • Anne Munthe (1728-1794), Halsnøy

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 21-22. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Munthe, Sverre. (1995). Etterkommere av Ludvig Munthe (1593-1649). Upublisert manuskript. Oslo, s. 233. (Digital utgåve)

Eksterne lenker


Forgjengar:
 Rasmus Wibye 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Hans Grøn