Lensmenn i Lesja
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Dette er ei førebels liste over kven som har hatt lensmannsembetet i Lesja.
År | Namn | Merknader |
---|---|---|
Midt på 1500-talet | Gudmund Tofte på Dovre | «Gudmund lensmann» er nemnt i Akershus lensrekneskap 1558, og som leiglending på Tofte i 1561. |
Sist på 1500-talet | Gunnar Larsson Hågå på Dovre | Truleg opphavleg frå Ekre på Dovre iflg. Vigerust, nemnt som lensmann i 1584. Far til neste: |
Ca. 1600 – ca. 1623 | Lars Gunnarson Hågå | Tok truleg over stillinga fyrst på 1600-talet, førar for bøndene frå Lesja og Dovre ved Kringen 26. august 1612. Ivar Kleiven skriv: «den største æra for di heppelege endelyktee i Høgkringom, tekjøm 'om Lars Haagaa.» Sonen lensmann frå ca. 1646, sjå nedafor. |
Nokre år kring 1630 | Ola Gudmundson Tofte | Er nemnt som lensmann her i åra 1630 og 1631. |
Fyrst i 1640-åra | Kristen Jensson Hovauk på Lesja | Er nemnt som lensmann i 1645. Ivar Kleiven meiner han kan ha vore lensmann frå kring 1635. |
Ca. 1646 – på 1660-talet | Per Larsson Ekre på Dovre | Er nemnt som lensmann frå 1646 og framover. Død 1665. Han var nest eldste sonen til Lars Hågå, gift til Ekre på Dovre iflg. Kleiven, men på Ekre pga. odel iflg. Vigerust. Var med som leiar for bøndene frå Lesja og Dovre i felttoget mot Trondheim i 1658. Brorsonen tok over. |
Ca. 1665 – 1666, og 1673 – ca. 1690 | Ola Gunnarson Hågå på Dovre | Var lensmann truleg berre eit par år i første omgang, og tok så over att etter nestemann i ein del år på 1680-talet. |
Ca. 1667 – 1673, og 1693 – ca. 1700 | Jørgen Hjelle på Dovre | Var truleg òg lensmann i to omgangar (Kleiven). Kan vere same mann som var lensmann 1690-93. Er òg nemnt som lensmann i futerekneskapet 1678. |
1680 | Ola Hjelle | Var lensmann i Lesja dette året iflg. futerekneskapen. I tiendlista året etter står det «Fauten. Tiendfri gard» på han. |
1690 – 1693 | Jørgen Persson Flågåstad på Lesja, ca. 1638-ca. 1710 | Var frå Ekre på Dovre og truleg son til han som var lensmann frå 1646 (Kleiven). Sonen Gunnar vart lensmann frå 1718. |
Ca. 1700 – nokre år | Tosten Olsson Hjelle på Dovre | «Rik-Skjellin'» (Kleiven) |
Kring 1710 | Simen Tofte | Til stades ved eit skifte 23. juni det året. |
1711 | Pål Tofte | (Per Berg) |
Før 1718 - sist i 1720-åra? | Amund Olsson Andgard på Dovre | Thomle s. 120 meiner det må ha vore 2 lensmenn i Lesja og Dovre mellom 1717 og 1729 |
1718 - ca. 1730 | Gunnar Jørgensson Flågåstad | Son til lensmann 1690 - 1693. Sonen vart lensmann frå 1740. |
Ca. 1730 - ca. 1740 | Ola Persson Tallerås på Dovre | |
Kjelder
- Kjelland, Arnfinn: Førebels liste utarbeidd etter førespurnad frå lensmann Edvin Rindal 23.7.1993.
- Kleiven, Ivar 1923: Lesja og Dovre Mal:Bokhylla
- Einbu, Sigurd og Skotte, Ola 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna, s. 217.
- Dovre kommune gjennom hundreåret 1837–1937 (1949) s. 105
- Thomle, E. A, 1929: Lidt om Lensmændene i Lesje. Bygd og bonde 10 årg., s. 115-122.