Lensmenn i Lesja

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Lensmenn i Lesja er ei førebels liste over kven som har hatt lensmannsembetet i Lesja (med nåverande Dovre kommune frå 1500-talet til 1. april 2018, da det vart nedlagt og funksjonen overført til lensmannen i Nord-Gudbrandsdal på Otta.[1]

Referanse til Bygdebok for Lesja: Lesja + bind- og sidenummer.
Referanse til Bygdabok for Dovre: Dovre + bind- og sidenummer.

År Namn Merknader Ref. til bygdeboka
Midt på 1500-talet Gudmund Tofte på Dovre «Gudmund lensmann» er nemnt i Akershus lensrekneskap 1558, og som leiglending på Tofte i 1561. Dovre 2 s. 355 og 365
Sist på 1500-talet Gunnar Larsson Hågå på Dovre, ca. 1545-? Truleg opphavleg frå Ekre på Dovre iflg. Vigerust, nemnt som lensmann i 1584. Sonen tok over. Dovre 2 s. 75 og 78
Ca. 1600 – ca. 1623 Lars Gunnarson Hågå, ca. 1570-ca. 1657 Tok truleg over stillinga fyrst på 1600-talet, førar for bøndene frå Lesja og Dovre ved Kringen 26. august 1612. Ivar Kleiven skriv: «den største æra for di heppelege endelyktee i Høgkringom, tekjøm 'om Lars Haagaa.» Sonen lensmann frå ca. 1646, sjå nedafor. Dovre 2 s. 75 og 78
Nokre år kring 1630 Ola Gudmundson Tofte Er nemnt som lensmann her i åra 1630 og 1631. Dovre 2 s. 365
Fyrst i 1640-åra Kristen Jensson Hovauk på Lesja Er nemnt som lensmann i 1645. Ivar Kleiven meiner han kan ha vore lensmann frå kring 1635. Lesja 3 s. 444
Ca. 1646 – på 1660-talet Per Larsson Ekre på Dovre Er nemnt som lensmann frå 1646 og framover. Død 1665. Han var nest eldste sonen til Lars Hågå, gift til Ekre på Dovre iflg. Kleiven, men på Ekre pga. odel iflg. Vigerust. Var med som leiar for bøndene frå Lesja og Dovre i felttoget mot Trondheim i 1658. Brorsonen tok over. Dovre 3 s. 135 og 140
Ca. 1665 – 1666, og 1673 – ca. 1690 Ola Gunnarson Hågå på Dovre Var lensmann truleg berre eit par år i første omgang, og tok så over att etter nestemann i ein del år på 1680-talet. Dovre 2 s. 289
Ca. 1667 – 1673 Jørgen Hjelle på Dovre, ca. 1628-ca.1688 Kleiven meiner han var lensmann i to omgangar (Kleiven). Dovre 1 s. 384, 389
1680 Ola Hjelle Var lensmann i Lesja dette året iflg. futerekneskapen. I tiendlista året etter står det «Fauten. Tiendfri gard» på han. Usikker.
1690 – 1693 Jørgen Persson Flågåstad på Lesja, ca. 1638-ca. 1710 Var frå Ekre på Dovre og truleg son til han som var lensmann frå 1646 (Kleiven). Sonen Gunnar vart lensmann frå 1718. Lesja 3 s. 206
Ca. 1700 – nokre år Tosten Olsson Hjelle på Dovre «Rik-Skjellin'» (Kleiven).
Kring 1710 Simen Tofte Til stades ved eit skifte 23. juni det året. Dovre 2 s. 365
1711 Pål Tofte (Per Berg) Dovre 2 s. 365
Før 1718 - sist i 1720-åra? Amund Olsson Andgard på Dovre, ca. 1667-1729 Thomle s. 120 meiner det må ha vore 2 lensmenn i Lesja og Dovre mellom 1717 og 1729. Dovre 3 s. 268 og 271
1718 - ca. 1730 Gunnar Jørgensson Flågåstad, ca. 1671-1743 Son til lensmann 1690 - 1693. Sonen vart lensmann frå 1740. Lesja 3 s. 207
Ca. 1730 - ca. 1740 Ola Persson Tallerås på Dovre, ca, 1701-1741 Budde på Søre Tallerås, sonen vart lensmann i 1752. Dovre 3 s. 312 og 320
Ca. 1740 - 1743 Jørgen Gunnarsson Flågåstad, ca. 1699-1743 Son til lensmann 1718-ca. 1730, døydde i stillinga. Lesja 3 s. 207
1743 - 1753 Ole Mentsson Skjeldrup, ca. 1701-1782 Budde på Systugu Norderhus på Lesja, opphavleg frå Løten. Lesja 2 s. 290
1753 – 1765 Per Olsson Tallerås, 1729-1780 Faren var lensmann til ca. 1740. Dovre 3 s. 312 og 320
1769 - ca. 1773 Peder Christian Frausing Tinglyst 10. juli 1769: bestalling av amtet 5. juli s.å. Gift (båe er fadrar 1771), elles ukjent, viss det ikkje er han som er i Drøbak i 1801 (Kleiven s. 183f "Trausing"). Ikkje med
Ca. 1773 – 1782 Hans Sjugurdsson Ryddøla på Dovre, 1754-1800 Budde på Ryddøla Dovre 4 s.93
1782 - 1800 Alf A. Berg på Dombås, opphavleg frå Stange, 1748-1802 Sonen tok over. Dovre 1 s. 131
1800 - 1808 Hans Monrad Alfsson Berg, 1776-1808 Broren konstituert Dovre 1 s. 131
1808 - 1810 Peder Sivart Akeleie Alfsson Alfsson Berg, 1780-1819 Konstituert. Dovre 1 s. 83f.
1810 - 1827 Hans Lemmich Juel, 1775-1841 Budde på Soleglad, Dombås, flytte til Vestre Toten der han òg vart lensmann.[2] Dovre 1 s. 66, 69
1827 - 1843 Thomas Jørstad, 1787-1880 Frå Fåberg, budde i Nistugu Kårbø, flytte til Biri. Lesja 3 s. 347
1843 - 1855 Gudbrand Fougner, 1814-1898 Frå Follebu i Gausdal, budde på Nordistugu Nørstebø, flytte til Gran på Hadeland der han vart lensmann. Broren tok over. Lesja 3 s. 656
1855 Simen Fougner Konstituert to månader 1850 og i 1855. Ikkje med
1856 - 1892 Peter Christian Hansen, 1818-1899 Frå Vestfossen i Eiker, budde på Nordigard søre Sør-Hole og Soleglad på Dombås. Lesja 3 s. 176, Dovre 1 s. 69
1892 Hans Hansson Hatrem, 1839-1933 Konstituert 1892, budde på Systugu Hattrem. Lesja 3 s. 237
1892 - 1916 Andreas Grimelund Alfstad, 1861-1916 Frå Lom, budde på Hovauk. Lesja 3 s. 446
1916 - 1941 Tore J. Nestande, 1874-1942 Budde på Sandhaugen, Hågå. Lesja 2 s. 727
1941 - 1942 Arne Lunnan Ikkje med
1942 Einar Mohn, 1920- Lesja 3 s. 190
1942 - 1944 Even Evenstad Ikkje med
1944 - 1945 Jakup Talleraas
1945 Haral Renolen, 1896-1987
1945 - 1976 Ole Fagersand, 1909-2002 Budde på Dombås, flytte til Lillestrøm. Dovre 1 s. 163
1976 - 1981 Ola Jacob (Ola-Jac) Nestande, 1922-2006 Budde på Sandhaugen, Hågå. Lesja 2 s. 727
1981 - 2001 Edvin Kåre Rindal, 1931-2008 Dovre 1 s. 154
2001 - 2002 Ragnar Andreassen, 1952-2016 Budde på Otta.
2002 - 2017 Anders Torvik, 1947- Budde på Otta.
2017-2018 Jørn Morten Sletta, 1961- Lesja 3 s. 127

Referansar

  1. Vigga 13. mars 2018.
  2. Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog 1994 s. 43

Kjelder