Røyrvik krins
Røyrvik krins var ein skulekrins i Gloppen kommune i Nordfjord. Krinsen var ein periode slått saman med Eimhjellen krins, men i 1928 vedtok skulestyret at dei to krinsane skulle delast opp att.[1] På 50- og 60-talet var det til tider få born i krinsen.[2] På 60-talet fekk skulen også elevar frå Solheim krins og Eimhjellen krins [3]
Skulehus
I åra etter krinsen vart skipa på nytt i 1928, vart det jobba for å få bygd skulehus i Røyrvik. Krinsen hadde fram til då ikkje hatt skulehus.[4] Eit forslag var å flytte eit gamalt skulehus frå Straume krins, men skulestyret vedtok å heller selje huset.[5] I staden vedtok skulestyret same år å byggje skulehus i Røyrvik. Vilkåra var mellom anna at krinsen tok på seg dei vanlege ytingane; "fri tuft og leikepolass og 12,5% av byggjekostnaden", og at dei tok seg av transporten av byggjemateriale som måtte fraktast opp frå sjøen, samt kostnadane for transporten av støypesand på 400 kronar.[6] Skulehuset vart bygd i 1932. Rasmus Devik frå Rygg fekk anbodet på 6200 kronar.[7]
Fotnotar
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 12.
- ↑ Firdaposten 1955.08.09. 19550809. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda 1968.08.06. 19680806. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Fjordabladet 1929.10.01. 19291001. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 18.
- ↑ Firda Tidend 1931.01.23. 19310123. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda Tidend 1931.05.05. 19310505. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947
- Fjordabladet
- Firdaposten
- Avisa Firda