Skoevegen (Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skoevegen i Bø i Midt-Telemark kommune går i ei boge på sørsida av Seljordvegen på Skoe, er 1,3 kilometer lang og går i jordbrukslandskap.
Vegen har namn etter Skoegardane og blei namnsett i 1996. Det ligg fire gardar til vegen.
I østre enden av vegen, i bakken heilt inn mot berget øst for Skoejordet, ligg Liabakken, ein tidlegare husmannsplass under Skoe, bnr. 4. Her har biletkunstnaren Grete Skoe atelieret sitt.
Eigedomar
- Nr. 1: Skoe (Skøien) (34/4)
- Nr. 2: Skoe (Skøien/Skodvin) (34/1)
- Nr. 3: Skoe (Skodvin) (34/16) (tunet utskilt, tidligere 34/2)
- Nr: 4: Skoe (Skøien) (34/3)
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Norske gardsbruk, Bind XII Telemark fylke I, Forlaget Norske gardsbruk 1955.
- Bøsoga, Gards- og ættesoga band III, ved Stian Henneseid. Bø kommune 1984.