Skoevegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skoevegen med to av Skoegardane sett sørover frå Seljordvegen.
Foto: Roy Olsen (2016).

Skoevegen i i Midt-Telemark kommune går i ei boge på sørsida av Seljordvegen på Skoe, er 1,3 kilometer lang og går i jordbrukslandskap.

Vegen har namn etter Skoegardane og blei namnsett i 1996. Det ligg fire gardar til vegen.

I østre enden av vegen, i bakken heilt inn mot berget øst for Skoejordet, ligg Liabakken, ein tidlegare husmannsplass under Skoe, bnr. 4. Her har biletkunstnaren Grete Skoe atelieret sitt.

Eigedomar

  • Nr. 10: Liabakken, tidlegare husmannsplass under bnr. 4
  • Nr. 57: Skoe (Skøien) (gnr. 34/4)
  • Nr: 76, 78: Skoe (Skøien) (gnr. 34/3)
  • Nr. 103: Skoe (Skodvin) (34/16) (tunet utskilt, tidligere bnr. 2)
  • Nr. 104: Skoe (Skøien/Skodvin) (34/1)

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Norske gardsbruk, Bind XII Telemark fylke I, Forlaget Norske gardsbruk 1955.
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band III, ved Stian Henneseid. Bø kommune 1984.


Koordinater: 59.40738° N 8.96179° Ø