Snøtun (Jostedalen)
Snøtun (Luster, gnr. 209) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krundalen og grensar i aust mot Kruna og i vest mot Grov.
På Snøtun låg Krundalen skule. Den nyaste skulebygningen frå 1959 står framleis og er i dag Bretun, kurssenteret og hovudkvarteret til Jostedalen breførarlag.
Snøtun var lensmannsgard gjennom dei siste to tredelane av 1700-talet.
Bruksdeling
Frå 1792 til 1795 budde eigaren av Snøtun, Peder Andersson Snøtun, på husmannsplassen Bakkane slik at Bakkane då ei tid var hovudbruket på garden. Eigaren Peder delte Snøtun i to jamstore bruk, Snøtun og Bakkane i 1800, som kvar fekk 1 pund og 12 merker smør og 1/2 bukkeskinn i skyld. Delinga skjedde ved at den nemnde eigaren Peder heldt på Bakkane medan broren Ole Andersson Snøtun overtok det opphavlege bruket på Snøtun (skøyte 7. oktober 1800). I 1825 vart så Bakkane delt att.
Bruksdelinga vert dermed slik:
- Bnr. 1 Reina (Røysi) - skilt ut ved delinga av Bnr. 2 Bakkane i 1825
- Bnr. 2 Bakkane - tidlegare husmannsplass - skilt ut frå bnr. 3 Snøtun i 1800
- Bnr. 3 Snøtun - det gamle hovudbruket
I tillegg er det utskilt nokre parsellar, mellom anna til skulehuset.
Husmannsplassar
Det har berre vore ein husmannsplass under Snøtun, Bakkane som vart rydda kring 1774. Eigaren av Snøtun budde i Bakkane 1792-95, men elles var det husmannsplass til utskiljinga som eige bruk i 1800. Eigaren sjølv busette seg ikkje på bruket før i 1813, så fram til då har bruket vore utleigd.
11 av 13 gardshus i Bakkane vart teke av eit stort snøskred 26. januar 1849.[1] Ingen menneske kom til skade, men krøtter og avling gjekk tapt, og garden skal ha vore fråflytt nokre år. Tunet vart i 1870-åra flytt frå ca 150 meter ovanfor fylkesvegen til dagens plassering like ved Krundøla på nedsida av fylkesvegen.
Personar frå Snøtun
- Anders Knutson Snøtun (ca. 1673-1711), kyrkjeombodsmann og gardbrukar
- Tøger Ottoson Snøtun (ca. 1700-1760), lensmann og gardbrukar
- Otto Tøgerson Snøtun (ca. 1731-1805), lensmann og gardbrukar
- Lars Tøgerson Snøtun (1735-1795), lensmann og gardbrukar
Notar
- ↑ Snøskred i Krundalen 1849, Jostedal historielag
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 839-861. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Snøtun», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane