Schive er ei norsk slekt med danske røter. Namnet kjem frå byen Skive på Jylland, og som stamfar reknast Thorn Ollufsen (omkr. 1500–1560) som var borgar der. Den første frå slekta som kom til Noreg var presten Søfren Thornsen Schive (omkr. 1545–1582). Han skal ha hatt band til Noreg på morssida: morfaren skal ha vore ein Peder Lauritssen som var prest i Finnås, men dette er usikre opplysningar.[1] Slekta har utmerka seg med ein rekkje prestar, ikkje minst Søren Schive (1623–1705), kjend som «den vise Bjellandpresten».

Minnesmerke over tre sokneprester ved namn Søren Schive ved Bjelland kyrkje i Marnardal. Ein fjerde Søren Schive var kapellan der.
Foto: Chris Nyborg (2017).

Det fantest óg ei slekt Schive i Trondheim, som tvillaust kan knyttast til den gamle kjøpstaden Skive på Jylland. Derifrå innvandra det ved byrjinga av 1600- tallet fleire ubeslekta personar til Trondhjem. Som familiens eldste kjende medlem reknar ein Lauritz Jensen Schive, som etter forstandar Hornemans genealogiske samlingar i Trondhjems Stiftsarkiv, nemnast som rådmann i Trondhjem i 1639 og var gift med Else Christensdatter. Hans son Jens Lauritsen Schive vart eigar av Ila Mølle. Hans son igjen var proprietær Reinholdt Jensen Schive. Slekt bestod i flere ledd av rådmenn og prester.

Den eldre Schive-slekta

Den yngre Schive-slekta

Den eldste vi kjenner i denne slekta er auditør Johan Conrad Schive (1763–1837), som skal ha vore fødd i København.

Schive-slekta fra Trøndelag

Lauritz Jensen Schive skal ha vore gift med Else Christensdotter. Barn:

  • Jens Lauritzen Schive (ca. 1616-1707), eigar av Ila mølle. Rådstuskrivar i Trondheim.
    • Reinholdt Jensen Schive (1694-1763), gift med Knerke Mathiasdatter Jessen.
      • Knerche Reinholdtsdatter Schive (1720-1767), gift Thurmann.
      • Jens Reinholdtsen Schive (1731-1778)
        • Gjertrud Dorothea Schive (1765-)
        • Reinholdt Johannes Schive (1767-1835)
        • Lauritz Möller Schive (1769-1858)
        • Ellen Birgitte Schive (1763-1846)
        • Maria Lucia Jensdatter Schive (1774-1786)
        • Knerche Dorthea Schive (1775-1830)
        • Anna Fredrikke Klingenberg Schive (1776-1852)
        • Appolonia Catharina Schive (1777-1839), git Pind.
        • Jensonetta Sophia Schive (1778-)
      • Ellen Margrethe Reinholtsdatter Schive (1721-1811), gift Klinge og Greve.
      • Mathias Reinholtsen Schive (1722-1787), gift med Karen Christine Jacobsdatter Brun.
    • Helle Jensdatter Schive, gift Storch.
    • Ellen Jensdatter Schive, gift Wind.
    • Michel Jensen Schive, gift med Susanne Larsdatter Stabel.
      • Jens Caspar Schive (ca. 1691-)
      • Guri Helene Michelsdatter Schive (ca. 1693-1755), gift Zinch.
  • Svend Lauritzen Schive (- etter 1679), gift med Maren Andersdatter. Rådmann i Trondheim, moglegvis frå 1678. [2]
    • Lauritz Svendsen Schive (ca. 1620-ca. 1689), India.
    • Haagen Svendsen Schive (ca. 1630-ca. 1723)
      • Berete Haagensdatter Schive
      • Anders Haagensen Schive
      • Svend Haagensen Schive
  • Peder Lauritzen Schive (-1696), gift med Karen Steensdatter. Rådmann i Trondheim.
    • Jens Pedersen Schive

Referansar

  1. Seland 1976: 10.
  2. Mathiesen, Henrik. Fortegnelse over magistratpersoner i Trondhjem 1377-1922. Utg. [s.n.]. Trondheim. 1945. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur