Geit
Geit (Mal:Nyn./Mal:Bokm.; eldre bokmål/riksmål òg gjet) er eit drøvtyggande klauvdyr som er vanlig som husdyr. Geita er særlig veleigna i brattlendt og karrig landskap, og til mjølkebruk der ein ikkje har nok fôr til kyr. Frå gammalt av har geita vore rekna som fattigmannsdyr. I Sæmundar Edda (Eldre Edda) les vi:
Bv er betra, | ||
I Ivar Mortensson-Egnundsi omsetjing (1905, revidert 1964 og 1974) blir dette: Eit lite bu / er betre enn inkje, / heime er kvar mann herre. / Hev du geiter to / og ein tausperra sal, / då tarv du ikkje tigge.
Geitemjølka har først og fremst vorte bruka til ysting av kvit geitost, møssmør (lett innkoka, smørbar myse) og brunost (heilt innkoka, skjerbar myse). Møssmør og brunost kan innehalde geitemjølk (ofte kalla «ekte geitost», kumjølk (ofte kalla «mysost») eller ei blanding (ofte kalla «gudbrandsdalsost», «misværost» og liknande etter opphavsstaden).
Viktige tradisjonelle geitrasar i Noreg var dølageit, kvit telemarksgeit, vestlandegeit og nordlandsgeit — alle desse vart ihopslegne under namnet norsk mjølkegeit mot slutten av 1900-talet — og kystgeit. Islandsgeita eller den islandske landnåmsgeita har òg opphavet sitt i norrøne geiter. Over grensa til Sverige finn vi lappgeit (frå Vilhelmina), jamtgeit (frå Frostviken og andre deler av Jamtland) og göingeget (frå Sør-Sverige).
Frå slutten av 1900-talet har ein del andre rasar vorte importert og er no relativt vanlige — først og fremst mohairgeit (1992), kasjmirgeit (1994), boergeit (2002) og dverggeit.
Lenkjer
- Geiteavl - på sidene til Norsk Sau og Geit
Norsk mjølkegeit
- Norsk melkegeit på sidene til Nordisk Genbank Husdyr
Kystgeit
- Kystgeit på sidene til Nordisk Genbank Husdyr
- Kystgeit.com - kystgeita på Sørlandet
- Kystgeitlaget i Selje
Andre geiterasar
- Norsk Kasjmirlag
- NorBoer - raselag for Norsk Boergeit
- Norsk Mohairlag