Torgeir Berulvson
Torgeir Berulvson (fødd 1864 på Galteland i Evje (no Evje og Hornnes kommune), død 1950) var skulemann.
Slekt
Torgeir Berulvson var gift med Ingebjørg Øverland. Han er fødd 13. mars 1865 på Evje. Ingebjørg er fødd 23. mai 1859 i Seljord.
Ingebjørg og Torgeir fekk:
- Magne Ingemund fødd 1892. Han døydde av skarlagensfeber 3. februar 1896, 3 3/4 år gamal.[1]
- Maalfrid Berulvson, fødd 31/7 1897 i Seljord.
- Ingemund Berulvson, fødd 4/2 1900 i Landvik.
Familien bur på Vigmarken i Landvik i 1900.[2] I 1910 bur dei på garden Augland (Ugland) i Fjære, gnr 18, bnr 10. Torgeir er då omtala som amtsskolebestyrer & gaardbruker[3].
Utdanning
Han tok eksamen ved Kristiansand stiftsseminar i 1883
Arbeid
Torgeir Berulvson kom i 1892 til ungdomsskulen i Aust-Agder. Denne skulen styrde han i tretti år, fyrst som amtsskule, sidan som folkehøgskule og til slutt som fylkesskule.
- Hausten 1894 er Amtsskolen i Froland.[4]
- Hausten 1895 er amtsskulen i Øyestad.[5]
- I 1898 er skulen i Vestre Moland[6]
- Berulvson og amtsskulen er i Høvåg i 1910.[7]
I 1900 får Berulvson 200 kroner i lærarstipend frå Kyrkjedepartementet.[8]
Saman med skuledirektør Skard har Berulvson ansvar for eit "lærarskeid" i Kristiansand frå 25. juli til 20. august 1910.[9] Frå 1921 var han overlærar ved Kristiansand lærarskule.
Anna arbeid og interesser
Han var med i styret for Kristiansand folkemuseum, det meste av tida som formann.
Berulvson var mykje med i fråhaldsarbeid og målarbeid. Han fekk Klostermedaljen og var heidersmedlem i Noregs mållag. Hausten 1898 er han, saman med mange andre sentrale kulturfolk, med og innbyr til Den norske Markanden, der formåelt er "at vække sansen for vor nationale kultur".[10]
I eit stykke i 1898 skriv Aasmund Olavsson Vinje at Berulvson "er og kar til aa syngja ei folkevise. Han song, las og snakka, so det var ein hugnad".[11]
I 1906 vert Berulvson nominera til stortingsmann frå venstrelag i Landvik og i Fjære.[12]
Sjå Fjære maallag.
Taler
Berulvson var ein aktiv mann i ymse rørsler. Han deltok på mange stemner og heldt mange taler.
- Om målsaken på Ungdomsstevne i Froland 13. og 14. juni 1897.[13]
- Om "Gamalnorsk bokheim" på lærarkurs i Seljord sumaren 1898, saman med m.a. Viggo Ullmann og Aasmund Olavsson Vinje.[14]
Skriftleg arbeid
Sakprosa
- "J. Løvland" i "Setesdals ungdomsskole 1876-1926"
- "Prost Bruhjells arkivutskrifter" i boka "Fjære kirke", utgitt av Fjære historielag 1940.
Debattinnlegg
- ""Vestlandsposten" og Sladderet", Fedraheimen 30/1/1886
Dikting
- "Ei Beledros" (novelle) - Fedraheimen 6/1 1886
- "Gamle Mor" (dikt) - Fedraheimen 19/3/1887
Minner og utklipp
1912: Losje Terje Viken annonserer sin årsfest
1915: Torgeir Berulvsons skriv om "Samling", del 1
1915: Torgeir Berulvsons skriv om "Samling", del 2
Kjelder og litteratur
- Usignert artikkel i Norsk Allkunnebok band II. Oslo 1951.
|
- ↑ Den 17de mai 6/2/1896
- ↑ https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037201001002
- ↑ https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036557001879
- ↑ Vestlandske tidende 5/9/1894
- ↑ Den 17de mai 30/8/1895
- ↑ Den 17de mai 18/8/1898
- ↑ https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036561000779
- ↑ Den 17de mai 30/6/1900
- ↑ Stavanger Aftenblad 10/8/1910
- ↑ Den 17de mai 18/8/1898
- ↑ Den 17de mai 16/8/1898
- ↑ Nedenæs Amtstidende 25/7/1906
- ↑ Folketanken (Risør) 16/6/1897
- ↑ Den 17de mai 20/7/1898