Røyrvik krins
Røyrvik krins var ein skulekrins i Gloppen kommune i Nordfjord. Krinsen var ein periode slått saman med Eimhjellen krins, men i 1928 vedtok skulestyret at dei to krinsane skulle delast opp att.[1] I åra etter vart det jobba for å få bygd skulehus i Røyrvik. Eit forslag var å flytte eit gamalt skulehus frå Straume krins, men skulestyret vedtok å heller selje huset.[2] Skulestyret vedtok i staden same år å byggje skulehus i Røyrvik. Krinsen hadde fram til då ikkje hatt skulehus.[3] På 50- og 60-talet var det få born i krinsen.[4] På 60-talet fekk skulen også elevar frå Solheim krins og Eimhjellen krins [5]
Fotnotar
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 12.
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 18.
- ↑ Fjordabladet 1929.10.01. 19291001. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firdaposten 1955.08.09. 19550809. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda 1968.08.06. 19680806. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947
- Fjordabladet
- Firdaposten
- Avisa Firda