Leisterud
Leisterud (alt. navneform Leistrud) er ein matrikkelgard i Vestre Bagn i Sør-Aurdal. Han grensar mot Vøll og Begna i aust, Austegarde og Framgarde i vest og Torsrud og Brattrud i sør.
Leisterud | |
---|---|
Alt. namn: | Resterud (1595), Ristrud, Lesterud (1616), Listerud (1667 og 1723), Leisterud (NG), Leistrud |
Fyrst nemnd: | 1595 (NG 4, 224f.)] |
Stad: | Vestre Bagn |
Sokn: | Reinli |
Fylke: | Oppland |
Kommune: | Sør-Aurdal |
Gnr.: | 22 |
Postnummer: | 2390 |
Det fyrste leddet kan kome frå mannsnamnet Reistr[1], medan andre ledd er ruð, «rydning». Ein annen rydningsgard like ved, Smedsrud, vart lagt under Leisterud som øydegard.
Historie
Dei gamle hovedbøla låg på ein avsats i dalsida, på omkring 350 moh. Det vart rydda fleire garder kalla Lie der, og Liagardane er i følgje lokal tradisjon plassar som vart delt ut til seks døtrer av Leisterudbonden. Rydningen skal ha skjedd før Svartedauen. I seinmellomalderen låg garden øyde, og på 1500-talet vart han nyrydda. Skattemessig var garden opphavleg rekna som ein halvgard.
Både Leisterud og Smedsrud var kyrkjegods, tilhørande Reinli kyrkje. Ifølge jordebokea til Stavanger stift eigde kyrkja i 1626 1/2 hud i Leisterud og eit kalveskinn i Smedsrud. Begge gardar vart i 1724 kjøpt frå Sjugurd Alvsson Leistrud av prost Andreas Morland. Smedsrud vart lagt under same matrikkelnummer som Leisterud.
To bygningar var skylt bort under Ofsen i 1789. 1/2 mål åker var øydelagt i eit år, og 1/2 mæling eng i eit til to år. Skadane vart takserte til 120 riksdalar. På Smedsrud var skadane større, då det gikk to skred der som øydela fem mål åker og seks mælinger eng; skaden ble der taksert til 320 riksdalar.
Gsrdsvegen gjekk opphavleg ned Eldebakkin til Bagn, og fyrst seinare er han lagt over Leistrudgrende. Dei øvre gardane fikk bilveg så seint som i 1982.
Bruk
Delinga av garden byrja i 1743, og sidan har ei rekkje bruk vorte utskilt. De to bruka som vart oppretta ved delinga i 1743 var:
- Nørdre Leisterud, bnr. 4
- Midtre Leisterud, bnr. 8
Det gamle hovudbølet på Smedsrud vart etter kvart til Nørdre Smedsrud, bnr. 1.
I tillegg kom Smedsrud
- Frå Nørdre Leisterud bnr. 4
- Smedsrudlie, seinare kalla Nørdre Lie, bnr. 15, fråseld i 1760.
- Marilie, seinare kalla Øvre Lie, bnr. 18, fråseld frå Semdsrudlie i 1789.
- Nedre Lie, bnr. 13, fråseld i 1761.
- Eldebakkatn, bnr. 6, utskilt i 1885.
- Saudalen, bnr. 5, utskilt i 1887.
- Lafton, bnr. 43, utskilt i 1914.
- Nymoen, bnr. 44, utskilt i 1914.
- Frå Midtre Leisterud bnr. 8
- Plassen, også kalla Lie, overtok bnr. 8, utskilt i 1838.
- Søre Leisterud, bnr. 19, utskilt i 1888.
- Berglund, bnr. 23, utskilt frå Søre Leisterud i 1897.
- Grønengdalen, seinare kalla Fossnær, bnr. 20, utskilt 1888.
- Frå Smedsrud bnr. 1
- Midtlie, bnr. 16 og opphavleg husmannsplass under Leisterud, fråseld frå Smedsrud i 1761.
- Gudmundslie, bnr. 17, utskilt i 1856.
- Søre Smedsrud, utskilt i 1856. Seinara samanføyd med Steinrudplassen til bnr. 2.
- Andre bruk
- Leisterudbakkin, bnr. 10, var opphavleg husmannsplass under Leisterud, men var tidleg på 1700-talet sjølveigarbruk.
- Knutssonlie, bnr. 12, skyldsett frå Leisterudbakkin i 1823.
Frå matriklar og pantebøker
Matrikkel 1647 | |
---|---|
Gammel matrikkel | MN 148 med skyld 1 hud 10 skinn |
Matrikkel 1838 | MN 19 med skyld 11 dalar 4 ort 19 skilling |
Matrikkel 1888 | Gnr. 22 med skyld 23 mark 74 øyre |
Areal og antall bruk 2009 |
Referanser
Kjelder
- Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind A Reinli og Vestre Bagn, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Faktaark fra Kartverket
- Mal:Folketelling bosted land
- Mal:Folketelling bosted land
- Mal:Folketelling bosted land
Koordinater: 60.821944° N 9.538056° Ø