Herman Gerhard Treschow
Herman Gerhard Treschow (fødd 18. juli 1780 i København, død 12. februar 1836 i København) var amtmann for Nordre Bergenhus amt 1811-1814 og var ein av dei danske embetsmennene som forlet Noreg i 1814.
Treschow var son av Michael Treschow (1741-1816), assessor i Høgsterett og seinare amtmann, og Christina Elisabeth Wasserfall (1753-1823). Han gifte seg 8.10.1813 med skodespelaren Juliane Maria Funck (1786-1868).
Treschow vart student ved København universitet i 1797 og cand.jur. i 1800. Same året vart han protokollsekretær i Høgsterett, i 1804 assessor i Hof- og Stadsretten i København og i 1807 premierløytnant i Kongens livkorps.
Den 22.10.1811 vart Treschow utnemnd til amtmann for Nordre Bergenhus amt etter at Hilmar Meincke Krohg same året ikkje hadde teke imot embetet. Treschow slo seg ned i Bergen som forgjengarane, men kjøpte i 1813 garden Askelund i Balestrand og slo seg ned der. I 1814 leidde Treschow amtsvalet til riksforsamlinga. Etter brotet med Danmark fekk han avskil med ventepengar frå embetet og flytte attende til Danmark. Futen i Sogn, Rasmus Endresen, vart konstituerte i amtmannsembetet etter Treschow i 1814, kjøpte Askelund av han og døypte jamvel ein son Herman Gerhard hausten 1814, truleg ei oppkalling etter Treschow.
I Danmark hadde Treschow fleire embete, mellom anna to amtmannsembete. Han var medlem av fleire regjeringskommisjonar.
Litteratur
- «Herman Gerhard Treschow», Dansk biografisk lexikon, bd. 17, 1903, s. 503-504. (runeberg.org)
- Weidling, Tor: Eneveldets menn i Norge: Sivile sentralorganer og embetsmenn 1660–1814. Riksarkivaren. Oslo. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 308f.