Elen Loftesnes (1905–1979)
Elen Loftesnes (fødd 9. januar 1905 i Sogndalsfjøra, død samme stad 2. desember 1979) var fotograf i Sogndal frå ca. 1930 til 1965.
Foreldra var skomakar Ola Olsson Loftesnes[1] (1868-1944, med kallenamnet «Tang-Ola») og Eli Jakopsdotter Loftesnes[2] (1873-1952). Elen hadde sju søsken, men berre fem av dei levde opp. Ho overtok eigedomen Solheim[3] etter foreldra, og truleg var det her ho hadde atelier og fotobutikk.
Loftesnes annonserte i lokale og regionale aviser, iallfall mellom 1932 og 1955. I ei annonse frå 1932 står det å lese: "Fotografering, fremkalling og kopiering. Min utdannelse og praksis garanterer fagmessig utførelse. Rimelige priser".[4]
Arkivet etter Elen Loftesnes
Då Dagfinn Loftesnes, drivar av Loftesnes pensjonat (ikkje i slekt med Elen), kjøpte bygningen der Elen hadde hatt atelieret sitt, fann han fotomateriale etter henne på loftet.[5] Negativ og positiv vart avlevert til Sogn og Fjordane fylkesarkiv i 1988. Materialet, som utgjer ca. 2,4 hyllemeter, er ikkje ordna (2018), men stikkprøver tyder på at mesteparten av materialet er frå 1950-talet. Dessutan at ho både dreiv med portrettfotografering i atelier og at ho produserte postkort med motiv frå Sogndalsområdet.
Fotografi av Elen Loftesnes
- Bilete av Elen Loftesnes ved Sogn og Fjordane fylkesarkiv
- Det finst også eit bilde av Loftesnes frå Hermansverk i UBB med gummistempel.
Fotnote
- ↑ Ole O. Loftesnæs i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
- ↑ Eli J. Loftesnæs i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
- ↑ Eigedomen ser ut til å ha inkludert både gnr. 18, bnr. 66 og gnr. 17, bnr. 32.
- ↑ Annonse i Sogningen 28. oktober 1932.
- ↑ Munnlege opplysningar frå Britt Marie Norheim (syster til Dagfinn Loftesnes) til Elin Storøstevik.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Elen Loftesnes på Digitalt museum.
- Elen Loftesnes på KulturNav
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Bergum, Leiv og Henning Rivedal: Sogndal. Portrett av ein tettstad. Skald, 2007.
- Dødsannonse i Bergens tidende 5. desember 1979, s. 34.
- Elen Loftesnes i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet
- Østevik, Elin (2008) Fotobevaring. Eksponert: kulturhistorisk fotografi i Sogn og Fjordane, s. 44 – Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesarkivet, Leikanger. ISBN 9788292211090 (h.).
- Timberlid, Jan Anders og Berit Selseng: Sogndal bygdebok. Gardar og folk. Stedje sokn.
![]() |
Elen Loftesnes (1905–1979) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |