Elen Loftesnes (1905–1979)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjølvportrett av fotograf Elen Loftesnes (1905-1979). Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elen Loftesnes (fødd 9. januar 1905 i Sogndalsfjøra, død same stad 2. desember 1979) var fotograf i Sogndal frå omkring 1930. Der hadde ho atelier og fotobutikk, som ho truleg dreiv fram til fyrst på 1950-talet. Loftesnes fotograferte både portrett og landskap.

Elen var nummer fem i rekkja av sju søsken. To av dei levde ikkje opp. Foreldra var skysskar og skomakar Ola Olsson Loftesnes[1] (1868-1944) og Eli Jakopsdotter Loftesnes[2] (1873-1952). Elen overtok eigedomen Solheim etter foreldra, og truleg var det her ho hadde atelier og fotobutikk. Huset vart kalla "Stallen", og hadde Loftesnes pensjonat som nærmaste nabo. Elen var ugift.

I følgje Jan Talsethagen[3] lærte Loftesnes fotografering av urmakar Ola O. Vatlestad[4], som var sjølvlærd. Ho dreiv både med portrettfotografering i atelier og produserte postkort med motiv frå Sogndalsområdet. Kunsten å handkolorere portrett skal ho òg ha lært seg. På byrjinga av 1950-talet leigde fotografen Leiv Bergum atelier hjå Loftesnes.

Loftesnes annonserte i lokale og regionale aviser, iallfall mellom 1932 og 1955. I ei annonse frå 1932 står det å lese: "Fotografering, fremkalling og kopiering. Min utdannelse og praksis garanterer fagmessig utførelse. Rimelige priser".[5]

Arkivet etter Elen Loftesnes

Skilt for fotograf Elen Loftesnes. Henger i utstillingen på De Heibergske Samlinger. Foto: Siri Iversen, 2024.

Negativ og positiv etter Elen vart funne av drivaren av Loftesnes pensjonat, Dagfinn Loftesnes (ikkje i slekt med Elen), og avlevert til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 1988. Materialet utgjer ca. 2,4 hyllemeter og er per 2018 ikkje ordna, men stikkprøver tyder på at mesteparten av bileta er frå 1950-talet.

Fotografi av Elen Loftesnes

Fotnote

  1. Ole O. Loftesnæs i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
  2. Eli J. Loftesnæs i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
  3. Talsethagen, s. 26-27
  4. Ole Olsen Vatlestad i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet
  5. Annonse i Sogningen 28. oktober 1932.

Kjelder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Elen Loftesnes på Digitalt museum.
  • Elen Loftesnes på KulturNav
  • Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjonNettbiblioteket
  • Bergum, Leiv. Sogndal : portrett av ein tettstad. Utg. Skald. Leikanger. 2007. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Dødsannonse i Bergens tidende 5. desember 1979, s. 34.
  • E-postar til NLI frå konservator Elin Storøstevik ved Sogn og Fjordane fylkesarkiv 12. og 13. juni 2018.
  • Elen Loftesnes i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
  • Elen Loftesnes i Historisk befolkningsregister.
  • Østevik, Elin: Fotobevaring. Eksponert : kulturhistorisk fotografi i Sogn og Fjordane. Utg. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesarkivet. Leikanger. 2008. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Talsethagen, Jan: Lokale fotografar/utgjevarar av postkort frå Sogndal. I: ...so han sa..., hausten 2006, s. 26-27.
  • Timberlid, Jan Anders og Berit Selseng: Sogndal bygdebok. Bd. 1 og 2: Gardar og folk i Stedje sokn. Sogndal sogelag, 2007.

Vidare lesing