Jens Embretsen Robøle

Sideversjon per 4. jun. 2018 kl. 12:30 av Kallrustad (samtale | bidrag) (bilete)

Jens Embretsen Robøle (fødd 21. januar 1850 i Ryfoss, død 5. oktober 1932) var gardbrukar og fotograf, busett i Vestre Slidre.

Robøle-bilete av Bagn (1887).

Han var son av Embret Eriksen (f. 1820) og Kari Tostensdatter (f. 1826). Han var gift med Sigri Julsdotter, og i folketeljinga 1910 finn vi dei på Robøle med tre born.

Byrja å fotografere i 18-20 årsalderen, og kan ha fått opplæring av N.T. Aastad. Han var sterkt vanfør. Robøle fotograferte rundt i Valdresbygdene i mer enn 60 år, mellom anna tok han mange bilete frå Tonsaasen Sanatorium.

Valdres Folkemuseum har nå fotografutstyr og apparat frå omkring 1880-90 samt nær 500 glassplater etter han.

Sjå òg

Kjelder

Eksterne lenkjer


  Jens Embretsen Robøle er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.