Haugianarbrev
Haugianarbrev er nemninga på ei samling avskrifter av brev til og frå haugianarar, skrivne i tidsrommet 1760–1842. Avskrivinga og tilrettelegginga vart gjort ved Norsk historisk kjeldeskriftinstitutt (NHKI, nå integrert i Arkivverket), i hovudsak på 1970-talet. Det omfattar 754 enkeltbrev på til saman 1300 maskinskrevne A4-sider. Breva ligg i kronologisk orden. Avsendarar og mottakarar er enkeltpersonar og haugianske «vennesamfunn» frå alle kantar av landet. Samlinga er nå nettilgjengeleg på Digitalarkivet.
Prosjektet
Samlinga utgjer eit manuskript som var planlagt utgjeve i fire band av NHKI. Arbeidet med innsamling, avskriving og tilrettelegging vart overlate til cand. theol. Ingolf Kvamen, som var knytta til NHKI som vitskapleg medarbeidar frå 1943. Han rakk ikkje å utarbeide innleiing, register og opplysningar om proveniens (kvar originalbreva kom frå). Da det ikkje let seg gjere å finne midlar til å fullføre og gje ut verket, vart materialet frå fyrst av tilgjengeleg berre på NHKI/Riksarkivet sin lesesal. I 1989 vedtok Kjeldeskriftfondet å kopiere 20 eksemplar av samlinga til fordeling på universitet og bibliotek. I september 2020 vart samlinga skanna og lagt ut på Digitalarkivet.
Brevsamlinga kan sjåast som ein del av eit samla prosjekt for utgjeving av haugiansk kjeldemateriale, i samarbeid mellom vitskaplege institusjonar og kristelege forlag. Dei andre delane av prosjektet gjeld Hans Nielsen Hauges skrifter (1947–1954), Brev frå Hans Nielsen Hauge (1971–1976). Opptakten til brevutgjevingsdelen av prosjektet vart gjort i 1924 av professor Oluf Kolsrud. [1]
Innhald og framfinning
Lenke til brevsamlinga
Referansar
- ↑ Brev frå Hans Nielsen Hauge, bd. I s. V. Digital versjon på Nettbiblioteket