Gullbringvegen
Gullbringvegen i Bø sentrum i Midt-Telemark kommune går sørover frå Bøgata ved Frøyatun til Gullbring-området.
Vegen er om lag 600 m lang og har namn etter lokaliteten Gullbring, som er lia nedafor kyrkjene mot Evjudalen. Det er så tidleg som i 1860-åra omtale av ein hoppbakke i Gullbring.
Nr. 5: Sett opp på 1980-talet (?) som bygning for daglegvarehandelen «Bø landmannsforretning». Vinmonopolet heldt til her frå etableringa i Bø i mai 2000 til november 2014 da utsalet flytta til Sønstebøtunet.
Nr. 6: Kafeen «Meierismuget» held til her i dag (2017).
Nr. 10: Næringsbygg sett opp av røyrleggjarfirmaet Haugestøl på 1980-talet (?). I dag Elektropluss AS (2017).
Nr. 20: «Bekkevoll», tidlegare Bø eggsentral. No har m.a. Teknisk eining tilhald her.
Nr. 28/30: Gullbring studenboliger.
Nr. 31: Gullbring barnehage.
Nr. 32: Bø hotell.
Nr. 34: Gullbring Kulturanlegg, med m.a. idrettshall, symjehall og kino sto ferdig i 1994.
Nr. 36: Universitetet i Sørøst-Norge, Avd. Bø.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid.
- Artikkel i Bø Blad.