Gullbringvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gullbringvegen sett sørover frå Bøgata.
Foto: Roy Olsen (2017).

Gullbringvegen i sentrum i Midt-Telemark kommune går sørover frå Bøgata ved Frøyatun til Gullbring-området og er om lag 600 meter lang.

Vegen har namn etter lokaliteten Gullbring, som er lia nedafor kyrkjene mot Evjudalen. Det er så tidleg som i 1860-åra omtale av ein hoppbakke i Gullbring. Namnevedtak blei gjort i 1975.

  • Nr. 5: Sett opp på 1980-talet (?) som bygning for daglegvarehandelen «Bø landmannsforretning». Vinmonopolet heldt til her frå etableringa i Bø i mai 2000 til november 2014 da utsalet flytta til Sønstebøtunet.
  • Nr. 6: Kafeen «Meierismuget» held til her i dag (2017).
  • Nr. 10: Næringsbygg sett opp av røyrleggjarfirmaet Haugestøl på 1980-talet (?). I dag Elektropluss AS (2017).
  • Nr. 20: «Bekkevoll», tidlegare Bø eggsentral. No har m.a. Teknisk eining tilhald her.
  • Nr. 28/30: Gullbring studenboliger.
  • Nr. 31: Gullbring barnehage.
  • Nr. 32: Bø hotell.
  • Nr. 34: Gullbring Kulturanlegg, med m.a. idrettshall, symjehall og kino sto ferdig i 1994.
  • Nr. 36: Universitetet i Sørøst-Norge, Avd. Bø.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I
  • Artikkel i Bø Blad

Eksterne lenkjer


Koordinater: 59.41456° N 9.06062° Ø