Frøyatun (Bø i Telemark, gnr. 53/13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå 1947 til 1978 dreiv Mari Lahus ei spesialforretning i garn og trikotasje under firmanamnet Frøyatun Trikotasje.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, s. 726ff.

Frøyatun blei skilt frå prestegarden i Bø i 1896 og kjøpt av Erik Nordbø. Bygningen vart omtalt som eit "kultursenter" i Bø.

Hovudhuset

Allereie då den nye vegen gjennom sentrum blei ferdigstilt i 1892 skal Erik Nordbø ha sett potensialet for at området kunne bli ein "by", og i 1897 sette han i gang bygginga av Frøyatun med Halvor Stadskleiv som byggmeister. Bygningen var i sveitserstil, og i gavlane var gudinna Frøya utskoren med ein mann som knela framfor henne med blomar. Bygningen vart ferdigstilt i 1898.

I andre høgda på Frøyatun innreidde Erik Nordbø til ein forsamlingssal som fungerte som ungdomshuset i Bø fram til Sandvin blei teke i bruk i 1939. Her vart det bygd scene, kjøkken, eit lite rom til skodespelarar i tillegg til den store salen. Det var hovudsakleg ungdomslaget som nytta forsamlingssalen, men det fanst også andre som hadde festar, møte og andre samankomstar. Hit kom mellom anna Det Norske Teater og spela Jeppe paa Bjerget med Edvard Drabløs i hovudrolla.

På kvar side av talarstolen hadde Erik Nordbø måla eit dikt som han sjølv hadde skrive:

Former og fargar og tonar dei vene,
kan eg dykk sanne, så vil de meg tene.
Opp mot det høge og frie og sanne,
skal ljosare, reinare stråle mi panne.
Gled deg du i din ungdoms vår,
tidsnok vil sorgen seg melde.
Men vokt dei du ei over streken går,
du elles skal dobbelt undgjelde.[1]


Stian Henneseid kallar plassen for eit kultursenter i Bø[2], men bygningen husa også mange andre aktivitetar. Mellom anna heldt telefonsentralen i Bø til i eit rom i andre høgda i mange år etter at den vart flytt frå Østbø. Då Hans Lahus overtok bygningen i 1943 vart etasjen ominnreidd til bustad.

I kjellaren hadde Nordbø innreidd eit bakeri der Gunnulv Lahus og sønnen Hans Lahus dreiv Frøyatun Bakeri i mange år. Frå 1955 til 1966 dreiv Andreas Espedalen bakeriet, og frå 1966 vart kjellaren legd bort til Williams A/S og gjort om til kafè som heldt det gåande til 1977. Då overtok Gunnar Ingelstad og døypte kafeen om til Gunnars Kro.

I fyrste etasje var det frå byrjinga butikk og bustadsrom. Bergit (Bia) Nordbø hadde bakeriutsalet her, med forretninga vart gjort om til ei større forretning då Kristen Grivi starta butikk 1. mai 1913.[3] Han dreiv fram til 1919 då han bygde eigen forretningsgard, Framstad, som ligg der Bø stasjon ligg i dag.[4] Forretninga hadde fleire drivarar, sist i 1947 då ein "Anstensen" frå Rjukan var drivar. Då starta Mari Lahus Frøyatun Trikotasje som var ei spesialforretning for garn og trikotasje og som ho dreiv til 1978. Etter dette blei etasjen nytta som kontor.

Andre delar av eigendomen

Tomta til Frøyatun gjekk opphavleg nedafor fossen i Evju. Her bygde Erik Nordbø ei sag der Olav Løvskeid vart sagmeister. Seinare sette han opp ei smie som han leigde bort til Olav Haslekåsa. I 1952 vart ein del av tomta seld til Bø Meieri.

Kjelder

  • Henneseid, Stian, Bø-soga 2, Gards- og ættesoga, Bø, 1982.
  • Kvaalen, Olav, Bø i Telemark, jubileumsskrift Bø papir & trykk, 1941-1981, Bø, 1981.
  • Lunde, Gunnar, Bø-soga 1, kultursoga, Bø, 1972.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar

  1. Lunde, 1972, s. 357.
  2. Stian Henneseid, Bø-soga 2, Gards- og ættesoga, Bø, 1982, s. 678.
  3. Henneseid, 1982, s. 678.
  4. Kvaalen, 1981, s. 41.