Wessel-Bergs reskriptsamling

Sideversjon per 10. feb. 2022 kl. 06:25 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging)
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Wessel-Bergs reskriptsamling er ei kortnemning for ei samling av kongelege befalingar og føresegner frå einevaldstida. Den fullstendige tittelen er Kongelige Rescripter, Resolutioner og Collegial-Breve for Norge i Tidsrummet 1660–1813. Verket kom ut i fire band i åra 1841–1845, og med eit registerband som kom i 1847. Utgjevaren var juristen Frederik August Wessel-Berg, som da var tilsett som fullmektig i Justisdepartementet.

Samlinga er kronologisk ordna. Men takk vere registerbandet får ein også ein tematisk inngang til det same stoffet. Registeret består av i alt 71 emnegrupper som reskripta etc. er sorterte under og oppførte i kronologisk orden. Det er ikkje stadnamn- eller personregister.

Dei fleste dokumenta er innførte som regestar (korte samandrag), men ein del viktigare føresegner også i fulltekst. Det er ei mengd krysstilvisingar til relaterte bestemmelsar, og mange ekstra opplysningar elles som aukar kjeldeverdien av samlinga.


På Nettbiblioteket