Gjert Geelmuyden (1704–1764)
Gert Geelmuyden (fødd 7. februar 1704 i Bergen, død i Leikanger 24. jul 1764) var son av kjøpmann Gjert Geelmuyden i Bergen. Han vart student i 1723 og cand.theol. i 1728.
Geelmuyden var huslærar hjå sokneprest Christen Heiberg i Sogndal 1725-1727 og hjå overauditør Peder Brønlund i Nesna 1730-1733.
24. oktober 1733 vart Geelmuyden personleg kapellan i Leikanger prestegjeld. Hausten 1740 kom han så til Jostedalen som var utan prest etter at Rasmus Wibye hadde reist til København våren 1738. Geelmuyden styrte prestekallet i Jostedalen fram til våren 1742 då Matthias Foss overtok. Han var såleis vikarpresten som var lengst i bygda i desse åra.
Det var såleis Geelmuyden som møtte på skulemøtet i Solvorn 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd.[1]
I 1745 var Geelmuyden i København og fekk då lovnad på sokneprestemebetet i Leikanger, som han overtok i 1750 og hadde så lenge han levde.
Geelmuyden gifte seg 22. oktober 1738 med Barbro Marie Leganger, dotter av sokneprest i Leikanger Iver Iversen Leganger. Ho døydde i 1801, og dei skal ha fått seks born i lag. Den yngste dotter Barbro Marie Geelmuyden vart kring 1782 gift med Joachim Schweder Bang, som frå 1781 og nokre år framover var fut i Indre Sogn.
Notar
- ↑ Statsarkivet i Bergen. Bjørgvin biskop. Rekneskapssaker nr. 13, Skulefundasar.
Litteratur
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 67. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 330. (Digital utgåve, NBdigital)
Forgjengar: Hans Grøn |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Matthias Foss |