Manheimstrondi (veg i Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå vegen Manheimstrondi.
Foto: Roy Olsen (2018).

Manheimstrondi er ein veg i Seljord kommune som går austover frå E134 i skiljet mellom Vallarvegen og Bygdaråvegen. Han følgjer Seljordsvatnet på nordsida til kommunegrensa mot Midt-Telemark ved Hegna camping der han går over i Seljordvegen. Vegen er ein del av riksveg 36 og er kring 15,2 km lang. Ved Heggenes går vegen gjennom den 567 meter lange tunnelen Sjøormporten.

Fyrste del av vegen Skarkevje–Skolehuset og Vefald–Ingerskot med ei samla lengde på 5 280 meter blei anlagd som nødsarbeid og sto ferdig i 1925.

Frå september 2019 til mai 2021 gjennomgjekk vegen ei stor oppgradering og var heilt stengd i to periodar på sju månader.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.48930° N 8.64424° Ø