Valenvegen (Bø i Telemark)

Sideversjon per 16. aug. 2022 kl. 22:43 av Rool (samtale | bidrag)

Valenvegen i i Midt-Telemark kommune går nord- og auststover frå Gvarvvegen til Hørtebrua der han møter Hørtevegen. Der gjekk tidlegare kommunegrensa mellom Bø og Sauherad. Like etter Grivimoen industriområde kryssar vegen Bøelva på Gårabru som blei bygd i 1970. Vegen er om lag 4,3 kilometer lang og og er ein del av fylkesveg 3336 (tidlegare fv 551). Han går for det meste gjennom jordbrukslandskap.

Valenvegen sett austover ved Valen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter Valengardane og blei namnsett i 1991.

Tidlegare starta Valenvegen i «Berglienkrysset» i Folkestadvegen, men i 19xx blei det vedtatt å stenge vegen for gjennomkjøyring forbi Bø skule og gamleheimen og byggje om vegen med start frå Gvarvvegen.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.


Koordinater: 59.41087° N 9.07823° Ø