Fosen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. nov. 2023 kl. 22:11 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om landskapet Fosen. For andre tydingar, sjå Fosen (fleirtyding).

Kart over Midt-Noreg med Fosen innteikna i blått.

Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.

Kommunane som reknast med er Frøya, Heim (der tidlegare Halsa tilhøyrer Nordmøre), Hitra, Indre Fosen, Osen, Ørland og Åfjord. Tidlegare Agdenes kommune vart dels rekna til Fosen og dels til Orkdalen; då denne kommunen i 2020 gjekk inn i nye Orkland kommune er det grunn til å vente at blikket vendast meir mot Orkdalen i framtida.

Politikk

Futar

Tid Namn
utnemnt 21. februar 1635 Olaf Meckelborg[1]
nemnt 1640 Jakob Frantssøn[2]
nemnt 1658 Eilert Christofersen Schøller[3]
utnemnt 4. april 1668 Tøger Andersen Ørland[4]
utnemnt 31. desember 1674 Rasmus Jensen[5]
utnemnt 9. september 1685 Lauritz Pedersen Brønlund[6]
utnemnt 1707 Nils Cimber[7]
kjøpte embetet ved kongeleg approbasjon i 1737; Virka til 1773 Johan Ruberg[8]
utnemnt 1792; virka til 1796 Paul Berntsen[9]

Språk

Dei fleste stadene i Fosen snakkar folk fosendialekt, som saman med dialekten i Ytre Namdalen og nordmørsdialekten utgjer dei uttrøndske dialektane. Unntak frå denne hovudregelen er først og fremst Hemne, der ein i det meste av kommunen talar nordmørsdialekt, og Rissa og dei søraustlegaste delane av Snillfjord og Hemne kommunar, der ein talar overgangsmål til inntrøndske dialektar.

Nyare regionsinndeling

Fosenregionen

I seinare år har dei av kommunane i landskapet Fosen som ligg på Fosenhalvøya inngått eit regionalt kommunesamarbeid med to kommunar i landskapet Innherad og definerer seg som regionen Fosen.

Sør-Fosenregionen

Regionen Sør-Fosen omfattar Frøya, Hitra, Snillfjord (...)

Orkdalsregionen

Til Orkdalsregionen blir, saman med Meldal, Orkdal og Skaun, fosenkommunane Agdenes, Hemne og Snillfjord medrekna.[1]

Referansar

  1. Mal:Hemneboka, b. I, 1. halvband, s. 257.
  2. Mal:Hemneboka, b. I, 1. halvband, s. 257.
  3. Mal:Hemneboka, b. I, 1. halvband, s. 257.
  4. Mal:Hemneboka, b. I, 1. halvband, s. 257.
  5. Mal:Hemneboka, b. I, 1. halvband, s. 257.
  6. Mal:Hemneboka, b. I, 1. halvband, s. 257 f.
  7. Mal:Hemneboka, b. I, 2. halvband, s. 133.
  8. Mal:Hemneboka, b. I, 2. halvband, s. 135.
  9. Mal:Hemneboka, b. I, 2. halvband, s. 135.

Sjå òg