Røyrvik krins

Sideversjon per 19. jan. 2024 kl. 15:34 av SSolheim (samtale | bidrag) (ny artikkel)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Røyrvik krins var ein skulekrins i Gloppen kommune i Nordfjord. Krinsen var ein periode slått saman med Eimhjellen krins, men i 1928 vedtok skulestyret at dei to krinsane skulle delast opp att.[1] I åra etter vart det jobba for å få bygd skulehus i Røyrvik. Eit forslag var å flytte eit gamalt skulehus frå Straume krins, men skulestyret vedtok å heller selje huset.[2] Skulestyret vedtok i staden same år å byggje skulehus i Røyrvik. Krinsen hadde fram til då ikkje hatt skulehus.[3] På 50- og 60-talet var det få born i krinsen.[4] På 60-talet fekk skulen også elevar frå Solheim krins og Eimhjellen krins [5]

Fotnotar

  1. Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 12.
  2. Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 18.
  3. Fjordabladet 1929.10.01. 19291001. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Firdaposten 1955.08.09. 19550809. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Firda 1968.08.06. 19680806. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947
  • Fjordabladet
  • Firdaposten
  • Avisa Firda

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.690289° N 5.825802° Ø