Nesjane krins
Nesjane krins (også kalla Hestenes krins) i Gloppen kommune ligg i opninga av Hyefjorden. I 1838 var Nesjane krins 1. rode i Næsje distrikt. Krinsen famna då om gardane Devik, Kvitenes, Hestenes, Eikenes, Skjerdal, Hyenes, Skeistrand og Årevik.
I 1860 var det ny krinsregulering. Då vart Nesjane ein del av ein todelt krins med gardane lenger inn i Hyefjorden. Del 1. Nesjane, famna då om gardane (...), Hestenes, Øyra, Eikenes, Skjerdal og Hyenes.
Under krinsreguleringa i 1890 foreslår skulestyret at Anda/Devik krins og Skeistrand krins blir slått saman med Nesjane krins. Kommunestyret i Gloppen kommune gjekk i mot dette forslaget og krinsane held fram som før. I 1915 var det berre to elevar i Devik og 5 elevar i Skeistrand krins og dei vart lagt til Nesjane krins.
I 1928 var det berre 5 elevar att i Osmundnes krins, så krins vart lagt til Nesjane. Ungane frå Kleppenes og Osmundnes måtte bu vekke medan dei gjekk på skule i Nesjane.
Nesjane krins vart seinare slått saman med Rygg krins i 2000.
Skulehus
Nesjane skule (1)
- Byggeår: 1865
- Fungerte som skule: 1865-1922
- Anna bruksområde: Skulehuset vart selt til læraren
Nesjane skule (2)
- Byggeår: 1922
- Fungerte som skule:
- Anna bruksområde:
Det nye skulehuset var innvigd 28. september 1922.[1]
Skuledagen
Skulevegen
Skuleborna som budde lengst frå skulen måtte bu vekke når dei gjekk på skulen. Ola M. Hestenes skriv i boka Nesjane krins at på grunn av dette var det på 20-talet ei veke småskule for dei tre fyrste åra, og ei veke for dei fire siste. Storskulen "hadde to fjortendags-turar" kvart år fordi dei skulle ha lenger skuletid enn småskulen.[2]
Lærarar
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Ola Josefson Hestenes | 1822 | Nesjane, Vereide | 1838 (Nesjane), 1852 (Veriede) | 1890 | Prostprøve | |
Anders A. Hestenes | 1842 | Nesjane skule, Skeistrand krins | 1864 | 1894 | Prostprøve | |
Jens J. Lothe | 1863 | Nesjane skule, Skeistrand krins | 1894 | 1898 | Stord lærerskole 1884 | |
Anders R. Heien | 1876 | Nesjane skule, Skeistrand krins, Rygg skule | 1898 | 1902 | Volda lærarskule 1898 | |
Jakob M.A. Lothe | 1881 | Nesjane skule, Skeistrand krins, Lote skule | 1902 | Volda lærarskule 1901, Lærarhøgskulen 1922-1923 | Tilsett i framhaldsskulen 1912 | |
Lars K. Arnestad | 1882 | Nesjane skule, Skeistrand krins | 1919 | Volda lærarskule 1902 | ||
Jon Eikenes | Nesjane skule |
Foto
Fotnotar
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Hestenes, Ola M.. Nesjane krins. Utg. [O.M. Hestenes]. no#. 2001. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1927-1947
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1947-1957
- Dagbok for Hestenes (Nesjane) krins og Skeistranden krins, 1898-1923
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
Koordinater: 61.838946° N 6.006084° Ø