Ole Olson Aasestølen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. okt. 2010 kl. 16:07 av Ida Tolgensbakk (samtale | bidrag) (Legger på kategori Klokkere.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Olson Aasestølen (døypt 25. november 1781, død 21. april 1859) var gardbrukarson frå Øvre Fåberg i Jostedalen. Han gifte seg 14. juni 1812 med Britha Eriksdotter frå Åsen, og dei fekk 14. juni 1814 feste på husmannsplassen Åsastølen under Åsen. Dei dreiv plassen til 1852.

Ole Aasestølen var lærar og klokkar i Jostedalen i mange år. Han overtok truleg klokkarposten i 1833 og hadde han til 1850. Han var onkel til Halvor Larson Faaberg som seinare vart klokkar i bygda.

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 237. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Johannes Asbjørnson Hus 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Johannes Halvorson Vamberg