Fossen (Jostedal)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fossen (Luster, gnr. 188) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot Myklemyr og i nord mot Sperla.
Matrikkelgarden Fossen femner òg om grenda Fossøyane.
Bruk
- Bnr. 1 Fossen (midtre) - det opphavlege bruket
- Bnr. 3 Dalen - tidlegare husmannsplass, fråskild bnr. 1 den 12.4.1862
- Bnr. 5 Fossen (nedre) - fråskild ved at bnr. 1 vart delt i 1805
Bruk i Fossøyane:
- Bnr. 4 Fossøyplassen - fråskild bnr. 1 og 3 den 14.10.1865
- Bnr. 9 Fossøyane - fråskild bnr. 5 den 7.10.1895
Sjå under Fossøyane for den vidare bruksdelinga der.
Bruk i Elvøy:
- Bnr. 2 Fossen (Elvøy) - utskild frå bnr. 1 den 17.10.1860
- Bnr. 6 Kasøy - fråskild bnr. 2 den 19.5.1891
I tillegg er det fråskild ei rekkje tomter som ikkje er med.
Litteratur
- Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 114-171. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Fossen», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane