Askøy kommune
Askøy | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1247 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Kleppestø |
Areal | 6.69 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 6.69 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Askøy kommune er ein kommune og ei øy i Hordaland fylke. Kommunesenteret er Kleppestø. Kommunen femner om øyane Askøy, Herdla, Hanøy og nokre mindre øyar. Kommunen grensar mot Bergen kommune i aust, Meland kommune i nordaust, Radøy kommune i nord, og Øygarden og Fjell kommunar i vest.
Kommunen vart oppretta i 1837 under namnet Askøen i samband med formannskapslovene. 1. juli 1918 vart Laksevåg skild ut som eigen kommune, medan kommunen i 1964 vart utvida med store delar av tidlegare Herdla kommune.
Askøy har fleire gravhaugar, mellom anna ved Ask. Kongshaugen på Hop kan vere frå bronsealderen. I mellomalderen hadde baglarane hamn i Florvåg.
Herdla kyrkje er nemnd i 1146, og vart i 1308 godkjend som kongeleg kapell av paven. Denne kyrkja vart riven etter stormskade i 1861, og kyrkja som står der no vart bygd i 1863.
Ask og Herdla var kongsgardar i eldre tid, medan garden Hop er frå 1600-talet.
Askøy har eiget vinmonopol, som vart oppretta i 2001.
Askøy kystlag held til i kommunen.