Folkehøgskule
Ein folkehøgskule er i dag ein eksamensfri skule som har til føremål å gje ungdom ei vidare allmenndanning etter grunnskulen. Folkehøgskulane er i regulerte i folkehøgskulelova (2002).
Dei 78 norske folkehøgskulane som er i drift (2013) fell i dag i to kategoriar: 48 frilynte folkehøgskular som er tilknytt Informasjsonkontoret for folkehøgskolen (IF), og 30 kristelege folkehøgskular som er tilknytt Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole (IKF). Dagens folkehøgskular har likevel opphavet sitt i tre ulike skuleslag: folkehøgskulane, fylkesskulane (amtskulane) og dei kristelege ungdomsskulane. Med den fyrste lova om folkehøgskular (1949) vart desse tre skuleslaga lagde under same lov og folkehøgskule-omgrep.
Dei eldste folkehøgskulane
Skulane som opphavleg vart kalla folkehøgskular, fører tradisjonen sin attende til den danske diktaren og presten Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783-1872) som la det teologiske og pedagogiske grunnlaget for folkehøgskuleideologien. Den fyrste private folkehøgskulen i Danmark vart skipa i 1844, frå 1864 kjend som Askov Højskole. Skulen vart førebilete for dei norske folkehøgskulepionérane.
Den fyrste skulen grunnlagd på desse ideane i Noreg var Sagatun ved Hamar, skipa 1864 av Herman Anker og Olaus Arvesen. Tre år etter skipa Christopher Bruun ein folkehøgskule i Sel i Gudbrandsdalen, frå 1871 i Gausdal under namnet Vonheim. Bruuns bok Folkelige Grundanker (1878) vart det viktigaste programskriftet for den norske folkehøgskulerørsla.
Det vart skipa eit førtitals private folkehøgskular i Noreg fram til kring 1890. Dei fleste eksisterte berre nokre få år, og dei femnde over eit breitt spekter. Somme var ambulerande skular, andre vart etablerte permanent i nye skulebygningar. Det varierte mykje kor lange kursa var, kva det vart undervist i og ikkje minst kva teologisk, politisk og pedagogisk profil folkehøgskulane hadde.
Det er ei mistyding at alle var grundtvigianske eller frilynte. Fleire folkehøgskular vart i 1870-åra skipa på eit pietistisk grunnlag i meir eller mindre erklært opposisjon til dei grundtvigianske (mellom anna Sogndal folkehøgskule). Omgrepet frilynt må heller forståast som ei nemning på dei folkehøgskulane som utover på 1900-talet ikkje hadde eit erklært kristeleg grunnlag. Somme av dei mest radikale skulane er gjerne kalla friskular. Mange av dei eldste folkehøgskulane måtte gje opp i 1870-åra etter tevlinga frå amtsskulane.
Amtsskular
- Sjå Amtsskole – utdjupande artikkel
Stortinget vedtok i 1875 å opprette offentlege ungdomsskular for gje eit tilbod om ei allmenn utdanning etter den sjuårige allmugeskulen. Det vart overlate til amta (amtstinga) å opprette skulane, men staten gav romsleg økonomisk støtte. I løpet av nokre få år kom 33 skular i gang landet over. Somme stader vart dei skipa i direkte konkurranse med radikale folkehøgskular. I nokre få tilfelle fekk òg private folkehøgskular tilskot og status som amtsskular.
Likevel vart skilnaden mellom folkehøgskulane og amtsskulane etter kvart mindre, ikkje minst fordi tidlegare folkehøgskulelærarar kom inn i amtsskulane (frå 1919 fylkesskular). I 1949 kom dei under folkehøgskulelova, og i dag er attlevande av dei tidlegare fylkesskulane ein del av dei frilynte folkehøgskulane. Amtsskuleordninga er opphavet til at fleire folkehøgskular i dag har fylke som eigarar.
Kristelege ungdomsskular
Dagens kristelege folkehøgskular har opphavet sitt i det som fyrst gjekk under nemninga ungdomsskular. Den fyrste kristelege ungdomsskulen vart grunnlagd på Notodden i 1893, og skulane vart dei neste tiåra skipa av misjonsorganisasjonar og andre kristelege organisasjonar. Frå 1949 kom dei òg under folkehøgskulelova, og dei har i dag sin eigen organisasjon. Det vart skipa ei rekkje nye kristelege folkehøgskular fram til 1960- og 70-åra.
Folkehøgskular etter skipingsår
Den følgjande lista femner berre om folkehøgskular grunnlagde fram til 1890-åra. Amtsskulane og dei kristelege ungdomsskulane er ikkje med.
| Gnr | Gardsnamn | 1666-matrikkelen | 1838-matrikkelen | Skule/Stad | Fylke | Skipa år | Nedlagt år | Grunnleggar, nøkkelpersonar | Merknader |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Sagatun (Hamar) | Hedmark | 1864 | 1891 | Herman Anker, Olaus Arvesen | I alt over 1200 elevar | ||||
| Vonheim [Sel (til 1871), Gausdal] | Oppland | 1867 | 1896 | Christopher Bruun | I alt over 1100 elevar | ||||
| Halsnøy (til 1872) og Time | Hordaland, Rogaland | 1868 | 1873 | Wollert Know SB, Niels Juel, Olav Lofthus | I alt 50-60 elevar | ||||
| Stjørdalen, Sund på Inderøy (frå 1900) | Nord-Trøndelag | 1868 | (i drift) | Lars Martinius Bentsen, Hans Konrad Foosnæs | Ambulerande mykje av tida før 1900 | ||||
| Krødsherad | Buskerud | 1869 | 1870 | Ole Andreas Aabel, Anfin Syversen, ingeniør Støren | |||||
| Nordheimsund | Hordaland | 1869 | 1870 | J. E. Unger, Olav Lofthus | |||||
| Ullensvang | Hordaland | 1869 | 1898 | Johannes Helleland | Ikkje drift 1870-71. I alt kanskje ca 500 elevar. Tilskot som amtsskule frå 1880 | ||||
| Todalen | Møre og Romsdal | 1869 | 1872 | Sæmund Vik | |||||
| Eidsberg, Trøgstad | Østfold | 1869 | 1870 | Daniel Sæter | |||||
| Vestre Slidre | Oppland | 1870 | 1873? | K. K. Kleve | Tilskot frå Hærem-komiteen | ||||
| Ålen, Kvikne (frå 1873) | Sør-Trøndelag | 1870 | 1875 | Hans Storeng, O. K. Kuløy | |||||
| Heddal | Telemark | 1870 | 1872? | Olav Ramberg | |||||
| Skodje | Møre og Romsdal | 1871 | 1873 | Einar Skavlan, Kristian Olsen Nordlid | |||||
| Sogndal | Sogn og Fjordane | 1871 | (i drift) | Jakob Sverdrup, Henrik Mohn Dahl | I alt over 2700 elevar til 1900. Støtte frå Hærem-komiteen. Tilskot som amtsskule frå 1875 | ||||
| Dale i Sunnfjord | Sogn og Fjordane | 1871 | 1874 | Jens Rolvsson | |||||
| Seljord | Telemark | 1871 | 1872 | Kristian Olsen Nordlid | |||||
| Skoger | Vestfold | 1871 | 1874 | Gustav Jensen, Christen Brun | Tilskot frå Hærem-komiteen | ||||
| Beitstad (frå 1876) | Nord-Trøndelag | 1872 | 1879 | Hans Konrad Foosnæs | Ambulerande 1873-76, òg i Vefsn (Nordland). Amtstilskot frå 1873. | ||||
| Holla, Sauherad, Solum | Telemark | 1872 | 1877 | H. J. Sannes | Ikkje-grundtvigiansk | ||||
| Vigmarken (Austre Moland, Landvik frå 1875) | Aust-Agder | 1873 | 1879 | Viggo Ullmann | |||||
| Såner, Vestby | Østfold | 1873 | 1875? | Nicolai Julius Sørensen, Ola Five | |||||
| Veøy | Møre og Romsdal | 1874 | 1875 | Ole Moe, O. Olafsen | Støtte frå Hærem-komiteen | ||||
| Drangedal | Telemark | 1874 | 1875 | Kristian Olsen Nordlid | |||||
| Gloppen | Sogn og Fjordane | 1876 | 1877 | Jakob Hjelmesæt | |||||
| Byneset, Klæbu, Halse (Nordmøre), Oppdal, Ørlandet, Orkdal, Malvik, Åfjord, Bjugn, Hitra, Røros, Åfjord (frå 1884) | Sør-Trøndelag | 1876 | 1888 | Daniel Sæter, Karl Seip | Ambulerande til 1884. Amtstilskot frå 1882 | ||||
| Ølve | Hordaland | 1878 | 1884 | J. Kullmann Olsen | Jenteskule, ikkje-grundtvigiansk | ||||
| Brekke | Sogn og Fjordane | 1878 | 1878 | Lasse Trædal | Haustkurs | ||||
| Drangedal | Telemark | 1878 | 1878 | Lasse Trædal | Vårkurs | ||||
| Seljord | Telemark | 1878 | 1878 | Olaus Arvesen | |||||
| Alvheim (Skjeberg, Enningedal, Askim, Tromberg, Eidsberg, Rakkestad) | Østfold | 1878 | 1888 | Nicolai Julius Sørensen,, Kristian Olsen Nordlid, Peder Velde, | |||||
| Lasse Trædal | |||||||||
| Vefsn | Nordland | 1879 | 1880 | Peter Karl Eberg Pedersen | |||||
| Seljord, Kviteseid (frå 1914) | Telemark | 1880 | (i drift) | Viggo Ullmann, Jakob Naadland | Ambulerande 1880-84 | ||||
| Fyresdal | Telemark | 1881 | 1881? | Halvor Klevar | |||||
| Ytre Sandsvær, Vestfossen (frå 1887), Sigdal (frå 1888?), Modum | Buskerud | 1884 | 1893 | Olav L. Kirkeberg, Andreas B. Vamraak | Amtstilskot frå 1885 | ||||
| Namdalen | Nord-Trøndelag | 1884 | 1892 | Marius Hægstad | Amtstilskot frå 1884. | ||||
| Tjølling, Andebu | Vestfold | 1884 | 1888 | Oddmund Vik | Amtstilskot 1885 (1 år) | ||||
| Randesund, Vanse, Farsund | Vest-Agder | 1885 | 1889 | Tomas Torsvik | |||||
| Garnes (Haus) | Hordaland | 1887 | 1899 | Hans Christian Ørsted Hambro | I alt ca 900 elevar | ||||
| Hornindal | Sogn og Fjordane | 1887 | 1890 | Haakon Aasvejen | |||||
| Fusa | Hordaland | 1888 | 1899 | Stein Hauge | |||||
| Oppdal | Sør-Trøndelag | 1888 | 1889 | Lasse Trædal | |||||
| Ulvik | Hordaland | 1889 | 1891 | Lasse Trædal | |||||
| Høyland | Rogaland | 1892 | 1893 | Jakob Naadland | |||||
| Vefsn | Nordland | 1899 | (i drift) | Odin Benum | |||||
| Hjelmeland | Rogaland | 1901 | 1902 | Jakob Naadland |
Kjelder
- Torjusson, Aslak. (1977). Den norske folkehøgskulen. Opphav og grunnlag. Oslo: Samlaget. (Hovudkjelde for oversynet)
- «folkehøyskole» i Store Norske Leksikon (med liste over dagens folkehøgskular)
- Folkehøgskolene (informasjon om dagens skular)