Knut Olson Nedrelid
Hopp til navigering
Hopp til søk
Knut Olson Nedrelid (fødd kring 1661, død kring 1732) var frå garden Nedrelid i Jostedalen i Sogn og Fjordane.
Knut tok over som gardbrukar og leiglending på den eine halvdelen av Nedrelid kring 1693 og den andre halvdelen kring 1698. Han og kona Ragnhild vart buande her levetida ut.
Knut var visstnok lensmann i Jostedalen kring 1690, og han var heilt sikkert kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1708-1710.
Knut og Ragnhild fekk sju born:
- Anders Knutson (f. kring 1686)
- Rasmus Knutson (1698-1739), gardbrukar på Mjølver
- Ole Knutson (1692-1741), husmann på Garen under Sperla
- Lars Knutsn (1697-1741), gardbrukar i Leirdalen i Luster
- Mari Knutsdotter (1700-1741), gardbrukarkone på Nedrelid (Garen), gift (1) med lensmann Sjur Anderson Åsen, (2) med kyrkjeeigar John Erikson Nedrelid
- Ole Knutson (1703-1741), gardbrukar på Myklemyr
- Ingebrigt Knutson (1708-1781), gardbrukar på Bjørkehaugen
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 254. (Digital utgåve, NBdigital)