Skodje kommune
Skodje kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1529 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Skodje |
Areal | 9.26 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 9.26 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Skodje kommune eller Skøye er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på nordsida av Storfjorden og grensar mot komunane Haram, Ålesund, Ørskog og Sykkylven. Administrasjonssenteret ligg i Skodje.
Dei større grendene er Engeset, Stette, Valle og Brusdal. I sør grensar kommunen mot Storfjorden. Engsetdalsvatnet og Brusdalsvatnet er større vatn. Det er berre ei kyrkje i Skodje kommune, Skodje kyrkje.
Skodjebruane er to eldre veibruer ved Straumen. Skodjestraumen bru er Noregs største hvelvbru bygd i stein. Bygginga av bruane byrja i 1911, og dei sto ferdige i 1919. Vegen blei ikkje opna før i 1922. Skodjetraumen bru som blei bygd i 2004 erstatta dei to gamle bruane, som samtidig bli stengt for biltrafikk.
Kommunehistorikk
Skodje kommune har hatt fleir endringar når det gjeld kommunegrensane, og har i periodar vært samaslått med sine nabokommunar.
- Frå 1837 var Skodje ein del av Borgund formannskapsdistrikt, men blei etablert som eigen kommune ved frådelinga i 1849. Den nyoppretta kommunen hadde 2 170 innbyggjarar.
- Skodje og Vatne (? Vatne kommune) låg i 1589 under Borgund prestegjeld, heilt til dei blei eige prestegjeld frå 1. mai 1858 etter kongeleg resulsjon av 12. januar 1858.
- 1. januar 1902 blei Skodje delt og Vatne etablert som eigen kommune med 1 547 innbyggjarar. Skodje hadde 1 551 innbyggjarar etter delinga.
- 1. januar 1916 blei ein liten del av Skodje, med 14 innbyggjarar, overført til Borgund kommune.
- 1. januar 1965 blei Skodje slått saman med Stordal og Ørskog til den nye storkommunen Ørskog kommune. Skodje hadde 2 047 innbyggjarar då han opphøyrde som eigen kommune.
- 1. januar 1977 blei Ørskog kommune delt i tre: Skodje, Stordal og Ørskog kommunar. Då Skodje gjenoppstod som sjølvstendig kommune, var innbyggjartalet 2 634.