Radøy kommune ligg i Hordaland, og grensar til Austrheim i nord, Lindås i aust, Askøy, Øygarden og Fedje i vest og Meland i sør. Administrasjonssenteret er Manger. Kommunen var oppretta i 1964, då kommunane Hordabø og Manger, størstedelen av Sæbo og mindre delar av Lindås, Austrheim og Herdla vart samanslegne. 22. juni 2016 vedtok kommunestyra i Lindås, Radøy og Meland at dei tre kommunane skal slås saman. Arbeidstittel på den nye kommunen er «Nordhordland».
Radøy er ein industrikommune med særleg vekt på næringsmiddel- og verkstadindustri. Ein finn óg trevareindustri og produksjon av fiskereiskap. I landbruket dominerar husdyrhald, særleg storfe, sau og høns.
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
|
|
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!
|
|