Torgeir Berulvson
Torgeir Berulvson (fødd 1864 på Galteland i Evje (no Evje og Hornnes kommune), død 1950) var skulemann.
Slekt
Torgeir Berulvson var gift med Ingebjørg Øverland.
Ingebjørg og Torgeir fekk:
- Magne Ingemund fødd 1892. Han døydde av skarlagensfeber 3. februar 1896, 3 3/4 år gamal.[1]
Utdanning
Han tok eksamen ved Kristiansand stiftsseminar i 1883
Arbeid
Torgeir Berulvson kom i 1892 til ungdomsskulen i Aust-Agder. Denne skulen styrde han i tretti år, fyrst som amtsskule, sidan som folkehøgskule og til slutt som fylkesskule.
- Hausten 1894 er Amtsskolen i Froland.[2]
- Hausten 1895 er amtsskulen i Øyestad.[3]
- I 1898 er skulen i Vestre Moland[4]
- Berulvson og amtsskulen er i Høvåg i 1910.[5]
I 1900 får Berulvson 200 kroner i lærarstipend frå Kyrkjedepartementet.[6]
Saman med skuledirektør Skard har Berulvson ansvar for eit "lærarskeid" i Kristiansand frå 25. juli til 20. august 1910.[7] Frå 1921 var han overlærar ved Kristiansand lærarskule.
Anna arbeid og interesser
Han var med i styret for Kristiansand folkemuseum, det meste av tida som formann.
Berulvson var mykje med i fråhaldsarbeid og målarbeid. Han fekk Klostermedaljen og var heidersmedlem i Noregs mållag. Hausten 1898 er han, saman med mange andre sentrale kulturfolk, med og innbyr til Den norske Markanden, der formåelt er "at vække sansen for vor nationale kultur".[8]
I eit stykke i 1898 skriv Aasmund Olavsson Vinje at Berulvson "er og kar til aa syngja ei folkevise. Han song, las og snakka, so det var ein hugnad".[9]
I 1906 vert Berulvson nominera til stortingsmann frå venstrelag i Landvik og i Fjære.[10]
Sjå Fjære maallag.
Taler
Berulvson var ein aktiv mann i ymse rørsler. Han deltok på mange stemner og heldt mange taler.
- Om målsaken på Ungdomsstevne i Froland 13. og 14. juni 1897.[11]
- Om "Gamalnorsk bokheim" på lærarkurs i Seljord sumaren 1898, saman med m.a. Viggo Ullmann og Aasmund Olavsson Vinje.[12]
Skriftleg arbeid
Sakprosa
- "J. Løvland" i "Setesdals ungdomsskole 1876-1926"
- "Prost Bruhjells arkivutskrifter" i boka "Fjære kirke", utgitt av Fjære historielag 1940.
Debattinnlegg
- ""Vestlandsposten" og Sladderet", Fedraheimen 30/1/1886
Dikting
- "Ei Beledros" (novelle) - Fedraheimen 6/1 1886
- "Gamle Mor" (dikt) - Fedraheimen 19/3/1887
Minner og utklipp
1912: Losje Terje Viken annonserer sin årsfest
1915: Torgeir Berulvsons skriv om "Samling", del 1
1915: Torgeir Berulvsons skriv om "Samling", del 2
Kjelder og litteratur
- Usignert artikkel i Norsk Allkunnebok band II. Oslo 1951.
|
- ↑ Den 17de mai 6/2/1896
- ↑ Vestlandske tidende 5/9/1894
- ↑ Den 17de mai 30/8/1895
- ↑ Den 17de mai 18/8/1898
- ↑ https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036561000779
- ↑ Den 17de mai 30/6/1900
- ↑ Stavanger Aftenblad 10/8/1910
- ↑ Den 17de mai 18/8/1898
- ↑ Den 17de mai 16/8/1898
- ↑ Nedenæs Amtstidende 25/7/1906
- ↑ Folketanken (Risør) 16/6/1897
- ↑ Den 17de mai 20/7/1898