Arbeideren og Gudbrandsdalens Arbeiderblad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. apr. 2020 kl. 17:58 av PaulVIF (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind Petershagen redigerte Arbeideren frå 1928 til 1929 (Bildet henta frå Kooperative portretter 1934).

Arbeideren og Gudbrandsdalens Arbeiderblad var ei avis som kom ut på Hamar i åra 1924-1929. Den vart starta som ei samanslåing mellom Arbeideren på Hamar og Gudbrandsdal Arbeiderblad, som kom ut på Lillehammer. Det var organ for Norges kommunistiske parti, avdeling av Den kommunistiske Internasjonale, og «dagblad for Hedemarken, Østerdalen, Gudbrandsdalen, Hamar og Lillehammer».

Olav Scheflo og Olav Larsen redigerte også Arbeideren.

Fyrste redaktøren var Olav Larssen (1924), etterfølgd av Fr. Monsen (1924-1925), E.O. Solbakken (1925), Olav Larssen igjen (1925-1927), Olav Scheflo 1927-1928 med Ingv.B. Jacobsen og deretter Eivind Petershagen som vikarierande redaktørar, Eivind Petershagen med Jørgen Vogt som vikar (1928) og til slutt Jørgen Vogt (1929).

Det var direkte kontinuitet frå denne avisa til Arbeideren, som vart utgjeven i Oslo frå 1929 som hovudorgan for kommunistpartiet.

Kjelder

  • Norske aviser 1763-1969. En bibliografi. 1. Alfabetisk fortegnelse. Universitetsbiblioteket i Oslo, Oslo 1973