Sula kommune
Sula kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1531 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Langevåg |
Areal | 58.51 km² |
Areal land | 57.05 km² |
Areal vann | 1.46 km² |
Folketall | 9 636 (2023) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Sula kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen er ein av dei minste sunnmørskommunane i areal, men samstundes ein av dei tettast befolka. Administrasjonssenteret ligg i Langevåg. Det er berre to kyrkjer i Sula kommune, Langevåg kyrkje og Indre Sula kyrkje.
Sula kommune grensar mot Ålesund, Giske, Hareid og Ørsta kommunar. Langevåg er tettstad og kommunesenter, staden ligg heilt nord øya Sula. Frå Langevåg er det passasjerbåt til Ålesund, turen med båten tar omlag 10 min. Brukar ein bil, må ein om Vegsundet og Spjelkavik. Sulasundet ligg på sørenden av Sula. Staden har ferjeforbindelse over Sulasundet til Hareid. Fiskarstrand er kanhende mest kjend for sin verftsindustri.
I høve Kulturminneåret 2009 har Sula kommune, organisasjoner og lokale ildsjeler komponert ei kulturminneløype langs Øydegardsanlegg Kjellingset - Flesje - Kalvestad.
Eksterne lenkjer
|