Edvin Svendsen (1905–1982)
Edvin Svendsen (fødd 29. september 1905 i Lista, død 14. juni 1982 på Sortland) var prest.
Han var son av Samuel Kristian Edelmann Svendsen (1879-1957) og Ida Pauluda Isaksen (1885–1922), faren var bonde.
Han vart cand.theol. frå Menighetsfakultet i 1931. Frå 1932 jobba han for Samemisjonen, før han i 1936 vart sokneprest i Tranøy prestegjeld. Her var han i nesten tolv år, i 1947 var han sokneprest i Sortland. Frå 1958 var han også prost i Vesterålen prosti. Han fekk avskjed i nåde i 1966.
Han var gift med Jenny Leonora Heimdal (f.1904) i 1933, ho døydde i 1975, sju år før han.
Kjelder
- Prester i den Norske kirke og andre teologiske kandidater. Utg. Land og kirke. Oslo. 1974. Digital versjon på Nettbiblioteket. s.254
- Edvin Svendsen i Historisk befolkningsregister
Artikkelen Edvin Svendsen (1905–1982) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |