Eikefjord sentralskule
Eikefjord sentralskule i Eikefjord kommune stod klar til bruk 1963. Då hadde kommunen gjennomført ei storstilt krinsregulering der sju eldre krinsar var slegen saman til Eikefjord krins. Alt i 40-åra var det krefter som arbeidde for å få eit nytt skulehus i krinsen. Skulehuset dei hadde var for lite og hadde ikkje undervisningslokale til dei nye faga heimkunnskap og gymnastikk. I frå 1956 kom arbeidet med nytt skulehus for alvor i gang:
- 3/5-1956 vedtok Eikefjord heradstyre, med 10 mot 2 røyster, å skipe ein sentralskule for folke- og framhaldskulen i kommunen.
- 20/6-1956 kalla skulestyret inn til krinsmøte for heile kommunen. Her vart det – med stort fleirtal – vedteke at den nye sentralskulen skulle ligge på tomta til Martin Eikefjord.
- 21/9-1956 sak 147: Vedtak i kommunestyret: "Formannskapet får løyve til å kjøpe minst 5 mål jord hos Martin Eikefjord, til tomt til sentralskulen."
Hausten 1961 var delar av skulen klar og ein framhaldskuleklasse kunne ta eit klasserom i bruk. Første folkeskuleklassen kom i 1963.
I 1972 vedtok Flora bystyre å skipe ungdomsskule i Eikefjorden. Skulen fekk då namnet Eikefjord barne- og ungdomsskule.
Skulehuset
Eikefjord sentralskule var eit topp moderne skulehus med sju klasserom, gymnastikksal m/scene, sløydsal, handarbeidsal, naturfagsal, skulekjøkken og bibliotek. Etter at det vart oppretta ungdomsskule fekk skulen for lite plass og det vart nødvendig å bygge ut. Våren 1985 stod ein ny klasseromsfløy med tre klasserom, grupperom og toalett ferdig.
I 1939 vart det vedtatt å bygge på gamleskulen i Eikefjord. Alt var klart, men så kom krigen. Eikefjord kommune kjøpte tomt til nye skulehus både i Eikefjord og Langedal for bygging av to skular.
Tanken å bygge ein sentralskule for heile Eikefjord kommune, vart først teken opp av skuledirektøren i Bjørgvin. Han bad skulestyret ta saka opp i alle skulekrinsane. Dette blei gjort, og alle krinsane med unntak av ein, Langedal skulekrins, gjekk inn for sentralisering. Langedal skulekrins ville ha to skular, ein i Langedal og ein i Eikefjord.
3 mai 1956 vedtok Eikefjord heradstyre, med 10 mot 2 røyster, å skipe ein sentralskule for folke- og framhaldsskulen i kommunen.
Det var kalla inn til folkemøte og etter eit livleg ordskifte var det stort fleirtal for å gå til sentralisering av alle skulane. 60 røysta for at den nye skulen skulle byggast på eigedomen til Martin Eikefjord, medan 7 røysta for å byggje på K. Hopen sin eigedom som alt var kjøpt.
21 september 1956 sak 147: Vedtak i kommunestyret: ”Formannskapet får løyve til å kjøpe minst 5 mål jord hos Martin Eikefjord, til tomt til sentralskulen.”
Skulestyret vendte seg til byingeniøren i Florø for å få kostnadsoverslag med full utbygging av tomten til ny skule. 1. august behandla dei overslaga frå byingeniøren.
Alternativet på Hopen sin eigedom kom på 126 025 kr og alternativet på Martin Eikefjord sin eigedom kom på 62 450. Han hadde rekna med opparbeiding av leikeplass, vassleidning, kloakk, gjerde og veg.
Fylkeslandbruksstyret gjekk i møte 28. november 1956 mot at heradet skulle få kjøpe tomt hos Martin Eikefjord. Saka vart anka til Landbruksdepartementet og departementet gav Eikefjord herad medhald på grunn av den høge prisen på utbygging på Hopen sin eigedom.
I 1958 blir teikningane og kostnadsoverslag til sentralskulen frå arkitekt Halvorsen godkjent i skulestyret. Prisen vart berekna til 1,1 mill. kroner.
Den 31. januar 1959 vart det opplyst i skulestyret at Staten hadde gitt tilskot til bygging av den nye sentralskulen i Eikefjord.
25 juni 1960 var det krinsmøte i Eikefjord der alle krinsane var innkalla. Krinsane vart slått saman til ein når sentralskulen i Eikefjord var ferdig.
På same møte gjekk Eikefjord med på at Svardal skule krets i Bru kunne slåast saman med Eikefjord når sentralskulen vart ferdig.
På trass av mange vanskar, var bygget såpass ferdig i 1961 at framhaldskulen kunne vere der vinteren 1961/62.
Elevane ved Eikefjord gamle skule blei flytta over til Sentralskulen frå vinteren -62. Frå dei andre krinsane kom elevane ved skulestart hausten 1962. Innskriving i første klasse var måndag 20. august.
Skuledirektøren meinte at det burde konstituerast styrar ved Eikefjord skule. Han rådde til at skuleinspektøren fekk stillinga. Skuleinspektøren ville ikkje ha stillinga grunna helsemessige årsaker. Lærar Svarthumle vart foreslått, men han kunne ikkje ta imot så lenge han var ordførar i Eikeford. Lærar Åmot vart så konstituert som styrar ved Eikefjord skule.
Skuledirektør Hallgeir Furnes fortok vigslinga den 29. juli 1963, ein fin måndag. Solveig Øren husker best at ein av karane frå bygda sovna under talen, då han blei vekt meinte han at han sikkert ikkje hadde gått glipp av så mykje.
Dei første elevane på sentralskulen
Som nemnt var framhaldskulen 61/62 med lærar Laila Steindal den første klassen som gjekk på Eikefjord sentralskule.
Skuleåret 62/63 kom resten av elevane på bygdaskulane til sentralskulen. Elevar frå Svardal i Bru kommune og elevar frå Steindal i Vevring kommune vart også flytta til den nye sentralskulen etter avtale mellom kommunane.
Ombyggingar.
Ved fleire høve har skulen blitt bygd om. Nokre av ombyggingane var:
Vestibylen der elevane i første tida stilte opp for å gå i samla tropp til klasseromma blei bygd om til klasserom. Arkitekt Olav Hovland teikna dette i 1986. Samtidig teikna han letak og leveggar utanfor inngangen.
To klasserom ved sida av lærarrommet blei bygt om til kontor for lærarane og administrasjonen.
Sløydsalen blei bygd om for å være meir egna til formingsfaget.
Biblioteket over garderobane blei bygd om for å brukast til spesial-undervisning etter teikningar frå 1992. Her var det aktivitetsrom, treningsrom, WC og to mindre rom.
Friidrettens Styrkerom fekk løyve til å grave ut ein blindkjellar og innreie styrkerom under toaletta og inngangen bak skulen.
Uteplassen har også blitt endra. Ovanfor skulen blei det opparbeidd volleyballbane og montert leikeutstyr. Deler av fotballbana blei asfaltert og det blei sett opp basketballmål. I enden av småskulen blei det sett opp klatrevegg.
Det har i alle år vore rasfare bak skulen. Ved inspeksjon i 2011 blei det påpeika rasfare som var for stor for sikkerheten på skulen. Vegen opp til skulen blei lagt sør om Håbursteinen og det blei laga ein steinvoll bak skulen for å sikre mot steinsprang. Fjellet bak skulen blei også sikra ved bolting. Bergknausen nedanfor rasvollen og gamlevegen er også rasfarleg. Dette området skal ikkje brukast av elevane.

Ungdomsskule
29 november 1965 var det innkalla til krinsmøte i Eikefjord om innføring av 9 årig skule. 24 røysta for - ingen imot. Møtet gjekk inn for 6 + 3 skulemønster og på vilkår av at 7. skuleår for Eikefjord sitt vedkommande vart ved Eikefjord skule.
24 mai 1966 vart det igjen halde krinsmøte i Eikefjord. På møtet blei det trekt fram dei lange avstandane frå Ramsdal, Løkkebø og Steindal til Havreneset i Florø. Dette gir køyring i 3 timar dagleg for elevar ved ungdomsskulen i Florø og mange ville bli bilsjuke.
Skulen i Eikefjord hadde på den tid 7 ordinære skulerom, romsleg gymnastikksal med garderobe, godt utstyrt kjøkken, naturfagrom, handarbeidsrom, stor sløydsal og bibliotek med lesesal.
Kretsmøtet bad om at Eikefjord må få eigen ungdomsskule, eventuelt få det 7. og 8. skuleåret ved skulen.
Saka om eigen ungdomsskule i Eikefjord passerte bystyret 24. mars 1972. Det vart gjort vedtak om at Eikefjord skulle få 8. klasse frå 1972 / 73 og 9. klasse frå 1973 / 1974. Våren 1974 vart første ungdomsskuleklassen utskriven frå Eikefjord skule.
Paviljong
Det vart bygt ein ny klasseromsfløy med 3 klasserom, grupperom og toalett etter teikningar frå Olav Hovland i 1984. Bygget var ferdig våren 1985, og har sidan tent som klasserom for småskulen.
Seinare vart bygget utvida med to klasserom og arbeidsplassar for lærarane etter teikningar av Lynn Steindal frå 1996.
Under bygging av nyeskulen måtte paviljongen rivast for å få plass til nybygget. For å ha nok klasserom vart det sett opp ein brakkerigg på skuleplassen med to klasserom og kontor. Dette er den første bygningen som blir tatt vekk før skulen blir reven for å gi plass til fleirbrukshallen.
Anna bruksområde
Skulebygget hadde gymnastikksal med scene. Dette gjorde skulen til ein naturleg samlingstad for bygda. Etter skuletid nytta idrettslaget, skulemusikken og andre lag og organisasjonar skulebygget. Det vart halde ymse kurs, basarar og ikkje minst 17.mai feiringa vart halde på skulen. Skulebygget hadde også folkebad med badstue.
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
- Endestad, Odd Asle (2016) Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny skule i Eikefjorden i 2016.