Henrik Svarthumle (butikk i Eikefjord)
Henrik Svarthumle dreiv landhandel i Eikefjord frå 1901 til 1932. Svarthumle var også lokalpolitikar, mellom anna ordførar i Eikefjord frå 1922.
Landhandelen blei etter kvart driven i eit hus som stod like ved vegen mot kyrkja like ved der verkstaden til Havn seinare blei bygd. Huset blei rive for å gi plass til bensinstasjonen. Svarthumle skal ikkje ha likt at Ludvig Langedal opna sin eigen butikk. Han bygde opp ein levegg langs elva så han slapp å sjå bort til butikken på nabotomta. Denne leveggen vart seinare utvida til eit hus, først hestestall, seinare bakeributikk og manufakturbutikk.
Henrik Svarthumle utrusta fiskebåten til svogeren sin, Albert Havn (f. Eikefjord). Ein av sesongane slo skikkeleg feil, og dette medførte konkurs for Havn og eit og stort tap for Svarthumle.
Ser vi på kundane i kassaboka hadde landhandelen i Eikefjord eit stort nedslagsfelt. Her er kundar frå Løkkebøen, Solheim og Svarthumla, rundt og ut fjorden. Knut Osen, Karl Vassbotn, Thomas Stendal var også blant kundane hos Svarthumle, desse bestilte sikkert varer pr telefon og fekk dei sendt med rutebåten.
Frå kassaboka ser vi òg at Svarthumle fekk brød frå bakar Trovik i Florø.
Henrik Svarthumle døydde brått i 1932. Kona til Henrik, Maren Svarthumle, fortsette med handelen ei tid etter at mannen gjekk bort. I 1934 er butikken nevnt som handelsbu i heradsstyret.
Olaf Havn og Asbjørg Havn kjøpte eigendommen av Maren Svarthumle i 1939. Olaf Havn starta mekanisk verkstad og bensinstasjon. Dette var starten på Havn Auto og Havn Eigedom.
Kjelder og litteratur
- Fylkesarkivet i Vestland: skanna protokollar.
- Handelsregistre for Kongeriket Norge. Oslo. 1901. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Henrik Martinsen Svarthumle i Historisk befolkningsregister.
- Opplysningar frå Arve Havn.