Flitavegen (Bø i Telemark)
Flitavegen i Bø i Midt-Telemark kommune går austover frå Bordvegen til krysset med Kåsinvegen og Torstveitvegen. Han er om lag 510 meter lang og går gjennom Flitafeltet. Dette er hovudtilkomstvegen til nordre del av Breisås bustadområde.
Vegen har namn etter den tidlegare garden Flita og blei namnsett i 1967.
Flitafeltet blei sett i gang kring 1965 som det fyrste bustadfeltet i Breisås bustadområde. Dette var eit av områda Bø kommune kjøpte av Eivind Eckbo i 1964. Det fekk bnr. 69. Pr. 2026 består busetnaden i Flitavegen av 17 einebustader, fleire med sokkelleilegheit. Dei fleste tomtene blei selt av Bø kommune mellom 1964 og 1969, og hus blei sett opp kort tid etter.
Eigedomar
| Nr. | Bilde | Om eigedomen |
|---|---|---|
| 1 | Gnr. 51/73, (tomt 63) Einebustad. | |
| 2 | Gnr. 51/126, (tomt 67) Einebustad. | |
| 3 | Gnr. 51/95, (tomt 62) Einebustad med sokkelleilegheit. | |
| 4 | Gnr. 51/129, (tomt 68) Einebustad. | |
| 5 | Gnr. 51/110, (tomt 61) Einebustad. | |
| 6 | Gnr. 51/113, (tomt 47) Einebustad med sokkelleilegheit. | |
| 7 | Gnr. 51/84, (tomt 60) Einebustad med sokkelleilegheit. | |
| 8 | RoyMal:B Olsen |
Gnr. 51/108, (tomt 46) Einebustad. |
| 9 | Gnr. 51/74, (tomt 59) Einebustad med sokkelleilegheit. | |
| 11 | Gnr. 51/82, «Kveldsol» (tomt 58) Einebustad. | |
| 13 | Gnr. 51/83, (tomt 57) Einebustad. | |
| 15 | Gnr. 51/89, (tomt 51) Einebustad med sokkelleilegheit. | |
| 17 | Gnr. 51/79, (tomt 45) Einebustad med sokkelleilegheit. | |
| 19 | Gnr. 51/102, (tomt 19) Einebustad. | |
| 20 | Gnr. 51/20, «Almankås» Einebustad. | |
| 21 | Gnr. 51/133, (tomt 18) Einebustad. | |
| 22 | Gnr. 51/169, «Huus» Einebustad. |
Sjå også
Kjelder og referansar
- Kommunekart: Flitavegen
- Kartverket, Eiendomsregisteret: Flitavegen
- Midt-Telemark kommune: Reguleringsplan for Flitafeltet (kart). Norsk Oppmåling og Flykartlegging, Kristian Bjørgul, Skien (1965 eller før)
- Henneseid, Stian. Bø-soga. Utg. Kommunen. 1982-1986?. 1982. Digital versjon på Nettbiblioteket. Flitavegen s. 484–490
- Diverse avisnotisar og annonsar i lokal- og fylkesavisene
- Gamal grunnbok
- ↑ Grunnbokblad for gnr. 51/126, tomt 67.
- ↑ Bø blad 2006.09.28. 20060928. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Grunnbolblad for gnr. 51/82, tomt 58.
- ↑ Grunnboksblad for gnr. 51/102, tomt 19.
- ↑ Grunnbokblad for gnr. 51/20 «Almankås».