Herbjørn Gausta

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Herbjørn Gausta (fødd 1854 i Tinn, død 1924 i Minnesota) var fotograf og kunstmålar.

Han var son av gardbrukar Niels Herbjørnsson Gausta (f. 1808) og Anne Olsdotter Gausta, og vaks opp på Mellom-Gaustad i Mæl sokn i Tinn. Familien utvandra då han var tretten år gamal.

Gausta er rekna som den fremste kunstnaren i det norske utvandrarmiljøet i Amerika. Han blei etter kvart ein særs akta kunstmålar. Det var mindre kjent at han også var ein habil fotograf. Hans fotografi finst i det norsk-amerikanske museet i Iowa. Fotografia frå Noreg er tekne i Rauland og Tinn på ei reise han gjorde - truleg i 1899. I samband med 150-årsjubileet for den første utvandringa til Amerika blei dei viste på ei utstilling i Rjukan bibliotek i 1987. Herbjørn Gausta brukte fleire av fotografia sine som grunnlag for måleri.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Herbjørn Gausta er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!