Jakob Krefting (1714–1755)
Jakob Krefting (født 1714, død 4. desember 1755) var prest.
Han kom frå Kristiansand. Frå 1744 til 1752 var han prest i Torsken på Senja. Der har han vorte skildra som ein from og stillfarande pietisk som gjekk sterkt inn for å motarbeide drukkenskap og andre laster. På grunn av sitt strenge syn kom han på kant med folket, og møtte mykje motvilje mellom anna i sitt arbeid for skulesaken. Biskopen skreiv i 1750 at Krefting var ein stillferdig og trufast Herrens tjener «som hadde gjort sin embetsgjerning uten svik».[1] Han tilråda likevel at Krefting burde få eit nytt kall på grunn av almuen si haldning.
I 1752 var Krefting sokneprest i Borge prestegjeld. Her var han til sin død i 1755. Etter at han kom til Borge vart han gift med Ingeborg Leth, ei 17 år yngre prestedotter frå Ofoten. Dei fikk ingen barn.
Referanser
- ↑ sitert fra Borge og Valberg bygdebok s.295
Kilder
- Erlandsen, Andreas. Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift. Utg. Chr. Tønsbergs Forl .. Christiania. 1857. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Borge og Valberg bygdebok. Utg. Bygdeboknemnda. Bodø. 1982. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Reppe, Johan Giæver. Ofotens Kirke-, preste- og klokkerhistorie. Narvik. 1939. Digital versjon på Nettbiblioteket. s.18
- Jakob Krefting i Historisk befolkningsregister
Artikkelen Jakob Krefting (1714–1755) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |