Kolmila 3 (Bykle)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kolmila 3 | |
---|---|
Utskilt: | 1991 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 509 |
Type: | Bustadseigedom |
Kolmila 3 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppført av Bjørn Erling Bakken i 1991. I 1997 selde han det bror sin.
- Dreng Bertin Bakken, f 1972
- g 1998 m Elin Myhre, f 1976. Born:
- Anne Marie, f 1999
- Ingebjørg, f 2000
Dreng er son åt Magne Bakken og kona Turid Marie, fødd Auestad, sjå Tuftevegen 18, bnr 653. Han er utdana som vaktmeister, men har arbeidd som bakar i mange år. Elin er frå Songe ved Tvedestrand, og dotter åt Liv og Bjarne Myhre. I yrkeslivet arbeider ho som kokk, for tida (våren 2005) ved Bykle hotell.
Kolmila 3 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |