Kolmila 5 (Bykle)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kolmila 5 | |
---|---|
Utskilt: | 1988 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 508 |
Type: | Bustadseigedom |
Kolmila 5 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppført av Bykle kommune i 1990-91, og vart teke i bruk i det sistnemnde året.
- Bettina Schaanning, f 1963
- Kim Erik, f 1990
- Hedda Helene, f 1992
- Fosterbarn:
- Daniel, f 1987
Bettina Schaanning og Dag Erik Johnsen kom til Hovden i 1991, og leigde då dette huset hjå kommunen. I 1998 kaupte ho det. Bettina er fødd i Oslo, men kom til Hovden frå Kristiansand. Ho er dotter åt Jan Erik Olsen og Anita Schaanning. Etter nokre år som førskulelærar skaffa ho seg tilleggsutdaning, og arbeider nå som lærar ved Fjellgardane skule.
Daniel Schaanning, som er fosterson åt Bettina, kjem frå Kristiansand. Han er syskenbarnet hennes, og son åt Reidar og Tuela Schaanning.
Kolmila 5 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |